New Energy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
New Energy

New Energy er ein sjokolade som Nidar AS lagar og distribuerer. Produktet vart introdusert i 1991, og er utvikla i samband med Noregs Idrettshøgskole. I 2005 vart det selt meir enn seks millionar eksemplar New Energy-sjokoladar i Noreg.

Kvart eksemplar av New Energy-sjokoladen er sett saman av eit lag med karamell og eit lag med krisptrøffel som vert pressa saman. Deretter vert dei kutta opp i rett storleik før dei vert dekte over med mjølkesjokolade.

New Energy Sjokofrukt[endre | endre wikiteksten]

I mai 2009 lanserte Nidar eit nytt produkt i New Energy-serien; «New Energy Sjokofrukt». Produktet var ekte frukt dyppa i mjølkesjokolade, og inneheldt mindre feitt og meir karbohydrat enn mange andre sjokoladetypar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]