New Forest-ponni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
New Forest-ponni som drikk

New Forest-ponnien er ein britisk ponnirase som opphavleg kjem frå New Forest i England.

Raseskildring[endre | endre wikiteksten]

Rasen kan ha ei mankehøgd på opptil 148 cm. Hovudet skal etter rasestandarden vere lite og ponniaktig. Skuldrene skal vere skrå og bringa djup.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Heilt tilbake på 1000-talet fekk folk beiterett i New Forest, som var eit kongeleg jaktområde. Sidan den tid har det levd ponniar i området. Opp gjennom tidene har det vorte kryssa inn mellom anna arabarhest, engelsk fullblodshest, welsh-ponni og hackneyhest. I seinare tid har det også vorte kryssa inn andre britiske ponnirasar.

Førekomst[endre | endre wikiteksten]

På dei britiske øyene er New Forest-ponnien ein av dei mest talrike ponnirasene. Til Noreg kom ponnien på 1970-talet med importar frå England og Danmark.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

New Forest-ponnien er ein mykje brukt konkurranseponni. Han vert ofte ridd av barn og ungdom, men kan også nyttast av lette vaksne.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]