New Plymouth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
New Plymouth

Ngāmotu (Māori)

New Plymouth is located in New Zealand
Land: Flag of New Zealand.svg New Zealand
Region: Taranaki
Urbant område Namn New Plymouth City
Folketal 45 228 (estimat juni 2008)
Grunnlagd 1841
Distriktsstyre Namn New Plymouth Territorial Authority
Flatevidd 2 324,26 km2
Folketal 68 901
Leiar: Jonathan Young
Regionstyre Namn Taranaki Regional Council
Heimeside: http://www.newplymouthnz.com
Den 45 m høge Wind Wand på strandpromenaden i New Plymouth

New Plymouth er den største byen i regionen Taranaki på vestkysten av NordøyaNew Zealand. Han har fått namn etter byen Plymouth i Devon i Sørvest-England, der dei første engelske nybyggjarane kom frå.

New Plymouth District omfattar New Plymouth City og fleire mindre byar. New Plymouth District er det 15. største (av 73) på New Zealand, og har 1,7% av innbyggjarane i landet[1].

New Plymouth District har eit innbyggjartal på 68 901 - nesten to tredjedelar av den totale populasjonen i Taranakiregionen. Av desse reknar 9 369 seg som māoriar. Dette omfattar New Plymouth City (45 228), Waitara (6 288), Inglewood (3 090), Oakura (1 359), Okato (531) og Urenui (429 innbyggjarar) [2].

Byen er eit tenestesenter for dei viktigaste næringane i regionen, av desse eit utstrekt jordbruk, for det meste mjølkeproduksjon, så vel som olje, naturgass og petrokjemisk utvinning og produksjon. Han er òg det finansielle senteret i regionen, og setet for TSB Bank (tidlegare Taranaki Savings Bank), den einaste ikkje-statlege banken på New Zealand.

Kjennemerke i byen er botaniske hagar, til dømes Pukekura Park, den sju km lange kystpromenaden langs Tasmanhavet, det 45 m høge kunstverket, kjent som Wind Wand, laga av Len Lye, og utsikta mot Mount Taranaki (også kalla Mount Egmont).

Byen er òg kjend for å vera ein kystby berre ein halv times biltur frå fjellet, der innbyggjarar og gjester kan stå på snøbrett og ski, vasski og surfa, alt på same dagen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1828 reiste handelsmannen Dicky Barrett (1807-47) ein handelsstasjon ved Ngamotu, etter at han kom til staden med handelsskipet Adventure. Barrett handla med dei lokale māoriane og hjelpte til med forhandlingane med dei då New Zealand Company ville kjøpa māoriland. Nybyggjarar vart valde ut av Plymouth Company, som var skipa for å skaffa immigrantar frå Vest-England, og desse tok over landområda som New Zealand Company tidlegare hadde kjøpt. Dei første innbyggjarane i byen kom med skipet William Bryan, som ankra opp utanfor kysten 31. mars 1841. Det oppstod ei rekkje usemjer om eigedomsrett og rett til busetjing på landområde mellom māoriar og nybyggjarar like etter at New Plymouth vart ein befesta garnisonsby i åra 1860-1861, og meir enn 3500 imperiesoldatar, i tillegg til lokale friviljuge og milits, slost mot māoriane i den første Taranaki-krigen.

Vokster og administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Provinsen New Plymouth[endre | endre wikiteksten]

Iverksetjinga av lova New Zealand Constitution Act 1852 danna New Plymouth Province, den seinare Taranaki Province, med eit provinsstyre som administrerte eit område på 400 000 ha. Provinsinndelinga vart oppheva i 1876.

Borough/City of New Plymouth[endre | endre wikiteksten]

Eit byråd vart danna i 1863 og i august 1876 fekk busetnaden status som borough.

Fitzroy Town District vart slege saman med New Plymouth borough i august 1911, Vogeltown, Frankleigh Park og Westown vart lagde til året etter, seinare òg St Aubyn-Moturoa. I 1913 hadde byen 7 538 innbyggjarar. Landområde mot havet vart lagde til i 1931 og 1941, område langs Omata Road i 1955, og i 1960 vart store vidder som omfatta land sør for Paritutu lagde til byen, i tillegg vart Hurdon, Ferndale og Huatoki innlemma, og elles område på båe sider av Mangorei Road mellom elvene Henui Stream og Waiwakaiho River.

New Plymouth fekk bystatus (city) i 1949.

New Plymouth District[endre | endre wikiteksten]

I 1989, som følgje av den nasjonale reorganiseringa av lokalstyre på New Zealand, gjekk New Plymouth City Council saman med Taranaki County Council, Inglewood Borough Council, Waitara Borough Council og Clifton County Council og danna det noverande New Plymouth District Council.

Forstadar[endre | endre wikiteksten]

Flyplassen New Plymouth Airport[endre | endre wikiteksten]

New Plymouth Airport (IATA: NPL, ICAO: NZNP) står for lufttrafikken til New Plymouth og regionen Taranaki. Han ligg ved kysten, 11 km frå bysentrum, og fire km frå den ytre forstaden Bell Block.

Han er den 11. mest trafikkerte flyplassen på New Zealand, med flyruter til Wellington og Auckland [3].

Transport og industri[endre | endre wikiteksten]

Produksjon av elektrisk kraft starta i januar 1906 i kraftverket Mangorei power station ved Waiwakaiho River nær Burgess Park[4]. New Plymouth Power Station var planlagt som eit kolfyrt kraftverk, men vart bygd for å fyrast med naturgass eller brenselsolje. Dette er eit varmekraftverk med dampturbin, som starta drifta i 1974, men delar av anlegget har sidan år 2000 gradvis vorte nedlagde, slik at berre ei operativ eining står att i 2008[5].

Fleire selskap starta leiting etter olje langs kysten av New Plymouth i 1865, etter at mindre førekomstar av tjukk olje vart funne langs kystlinja. Dei første drivverdige oljefunna vart gjorde i januar 1866. Oljeleitinga heldt fram sporadisk, og eit oljeraffineri vart opna i 1913. Produksjonen heldt fram her til kring 1972. Oljefeltet Maui A starta produksjon av naturgass seint på 1970-talet, og dette var starten på ein blømande energi- og petrokjemisk industri. Etter som gassførekomstane i Maui A er i ferd med å avta, pågår leiting andre stadar i Taranaki for å freista å finna fleire kommersielle petrokjemiske førekomstar[6].

Ei 18 km lang jarnvegslinje mellom New Plymouth og Waitara stod ferdig i 1875. Året etter starta arbeidet på ei linje sørover til Stratford, som vart nådd i 1879, følgd av linja til Hawera i 1881. Denne linja, kjend som Marton - New Plymouth Line, var ferdig 23. mars 1885, og då Wellington - Manawatu Line vart opna 3. november 1886, fekk ein direkte jarnvegssamband med Wellington[7]. Direkte samband med Auckland kom ikkje i stand før 1932, då Stratford - Okahukura Line var ferdig[8]. Moloen ved Ngamotu var bygd ferdig i 1883, og gav trygg hamn for sjøfarty, og hamna ved Moturoa vart teken i bruk i 1888. Port Taranaki er eit viktig transportpunkt i regionen, og den einaste djupvasshamna på vestkysten til New Zealand.

I 1916 fekk byen elektriske sporvogner, og bensindrivne bussar starta ruter fire år seinare. Trikkerutene vart nedlagde i 1953.

Det første flyet landa på travbanen i 1920, og kommersielle flygingar starta frå ein flyplass ved Bell Block i juni 1937. Under den andre verdskrigen vart denne grasdekte flystripa nytta av Flyvåpenet, og vart først i 1966 erstatta av den noverande flyplassen, New Plymouth Airport, 3 km nordaust for den gamle.

Mellom dei store industriverksemdene i byen var Ivon Watkins-Dow, som framstilte kjemikaliar for jordbruket. Ho vart starta i 1944 av brørne Ivon, Harry og Dan Watkins, og gjekk 20 år seinare inn i partnerskap med Dow Chemicals frå Michigan. Firmaet dreiv ein fabrikk som ved Paritutu som laga plantegifta 2,4,5-T. Ei undersøking i 2005 viste at folk som hadde budd nær fabrikken mellom 1962 og 1987, kunne ha eit nivå av dioksin i kroppen fire gonger høgare enn det vanlege blant folk elles. Hjå somme grupper låg nivået opp til sju gonger høgare. Ein samfunnsmedisinsk rådgjevar har hevda at internasjonale undersøkingar har vist at folk som er utsette for dioksin, har auka førekomst av sjukdom, særleg kreft. I mars 2007 kunngjorde Helseministeriet at det ville sørgja for helsehjelpeprogram for alle som hadde vorte råka[9][10][11].

Vêrlag[endre | endre wikiteksten]

New Plymouth har eit warmt, fuktig temperert klima. Gjennomsnittlege dagtemperaturar ligg om sommaren kring 21-22 °C (70-72 °F), om vinteren 13-14 °C. Kveldstemperaturane er om sommaren 12-13 °C (54-55 °F), og vinters tid 5-6 °C (41-43 °F).Gjennomsnittleg årleg nedbør er 1432 mm.

Nuvola apps kweather.svg Klimatabell: New Plymouth Weather-rain-thunderstorm.svg
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg dagleg maksimumstemperatur 21,8°C
71°F
22,3 °C
72 °F
21,1 °C
70 °F
18,7 °C
66 °F
16 °C
61 °F
14 °C
57 °F
13,3 °C
56 °F
13,9 °C
57 °F
15 °C
59 °F
16,3 °C
61 °F
18,1 °C
65 °F
19,9 °C
68 °F
17,5°C
64°F
Gjennomsnittleg dagleg minimumstemperatur 13,6°C
56°F
13,6 °C
56 °F
12,7 °C
55 °F
10,6 °C
51 °F
8,3 °C
47 °F
6,6 °C
44 °F
5,6 °C
42 °F
6,4 °C
44 °F
7,9 °C
46 °F
9,2 °C
49 °F
10,8 °C
51 °F
12,3 °C
54 °F
9,8°C
50°F
Gjennomsnittleg total nedbør 97 mm
3,82 "
95 mm
3,74 "
117 mm
4,61 "
131 mm
5,17 "
124 mm
4,88  "
145 mm
5,71 "
143 mm
5,63  "
127 mm
5 "
110 mm
4,33 "
124 mm
4,88 "
108 mm
4,25 "
103 mm
4,06 "
1432 mm
56,38 "
Kjelde: Niwa Science climate data[12]

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 39°04′S 174°05′E