New York av Lou Reed

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
New York
Studioalbum av Lou Reed
Utgjeve 10. januar 1989
Innspelt mai–oktober 1988
Media Sound, Studio B, New York City
Sjanger Rock
Lengd 56:40
Selskap Sire
Produsent Lou Reed,
Fred Maher
Kritikk
Lou Reed-kronologi
Mistrial
(1986)
New York Songs for Drella
(1990)

New York er det 15. soloalbumet til Lou Reed. Det vart varmt teken imot og ein rekna det som eit steg attende til stilen til The Velvet Underground - som Reed var med på å starte i 1960-åra. Velvet-trommeslagaren Maureen Tucker speler på albumet.

«Dirty Blvd.» gjekk til topps på den då nye Billboard Modern Rock Tracks-lista og låg der i fire veker.

Bakgrunn og tekstar[endre | endre wikiteksten]

Den streite rockestilen på albumet var uvanleg på denne tida og i lag med andre utgjevingar som Graham Parker sitt The Mona Lisa's Sister var det eit forvarsel om at rocken var på veg attende til røtene. Tekstane gjennom dei 14 songane er overdådige og forsiktig fletta saman. New York er derfor eit konseptalbum. Den polemiske teksten i omslaget rådar lyttaren til å høyre gjennom heile albumet i ein eingong, som «om det var ei bok eller ein film». Teksten rettar kritikk mot mange offentlege personar på denne tida. Reed nemner Jomfru Maria, NRA, Rudy Giuliani, «the President», «Statue of Bigotry», Buddha, Mike Tyson, Bernard Goetz, Mr. Waldheim, «the Pontiff», Jesse Jackson, Hendrix, Swaggart og Morton Downey.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Lou Reed, bortsett frå der andre er nemnde. 

# Tittel Lengd
1. «Romeo Had Juliette»   3:09
2. «Halloween Parade»   3:33
3. «Dirty Blvd.»   3:29
4. «Endless Cycle»   4:01
5. «There Is No Time»   3:45
6. «Last Great American Whale»   3:42
7. «Beginning of a Great Adventure» (Reed, Mike Rathke) 4:57
8. «Busload of Faith»   4:50
9. «Sick of You»   3:25
10. «Hold On»   3:24
11. «Good Evening Mr. Waldheim»   4:35
12. «Xmas in februar»   2:55
13. «Strawman»   5:54
14. «Dime Store Mystery»   5:01

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

I 1989 kåra Rolling Stone albumet til det 19. beste albumet frå 1980-åra. Mark Deming skreiv på allmusic.com at «New York er eit meisterverk i litterær, vaksen rock & roll, og eit av dei beste albuma i solokarrieren til Reed.» I 2006 plasserte Q albumet på 26. plass på lista si over dei 40 beste albuma i 1980-åra[4]

Lister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1989 Billboard 200 40
1989 Storbritannia 14

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic review
  2. Robert Christgau review
  3. Rolling Stone review
  4. Q august 2006, nummer 241