Newcastle Brown Ale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Newcastle Brown Ale på flaske.
Tomflaske

Newcastle Brown Ale er eit vidkjent mørkbrunt øl. Ølsorten vart brygga i Newcastle upon Tyne nord i England frå 1927 til 2010, og deretter berre i North Yorkshire. Bryggeriet har vore Newcastle Breweries, som no er ein del av bryggerikonsernet Heineken International.

Ølmerket vart gjeve såkalla «Protected Geographical Indication (PGI)» av EU i 2000. «Protected Geographical Indication» vil mellom anna seie at eit produkt kan berre verta produsert innan eit visst område. I april 2004 vart det gjeve melding om at bryggeriet ved Tyne skulle flyttast over elva, til Dunston Federation Brewery i Gateshead. Brygginga blei flytta vidare sørover, til Tadcaster i North Yorkshire, i 2007. Produksjonen i Newcastle tok heilt slutt i 2010.[1] Produktet mista då PGI-statusen.[2]

Ulikt mange britiske øltypar vert Newcastle Brown Ale alltid servert kaldt. Ideelt skal skjenkinga skje frå ei flaske, og drikkinga skje frå eit half-pint eller Wellington-glas for å minska oppvarminga.

Ølet var i det store og heile ikkje å få i sør- og midt- England fram til ei suksessrik kampanje på slutten av 1980-åra. Etter kvart har det vorte ei av dei leiande ølmerka på flaske.

På same vis som det meir kjende Guinness-merket har Newcastle Brown Ale vorte marknadsført med noko framgang i Sambandsstatane (USA). Ølmerket er relativt godt tilgjengeleg der både på flaske og som tapping frå fat.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Newcastle Brown Ale vart originalt laga av Lt. Colonel James Herbert Porter, ein tredje generasjons bryggar ved Newcastle Bryggeri i 1927. Porter hadde raffinert oppskrifta for Newcastle Brown Ale saman med kjemikar Archie Jones over ein periode på tre år. [3]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. «Newcastle Brown Ale plant closes in Gateshead», bbc.co.uk, 21 May 2010.
  2. 32007R0952 i EurLex
  3. [^ a b c Jenkins, Dan (28 May 2005). "CITY'S STAR HAS FALLEN". The Northern Echo. ]