Newmarket Ridge

Koordinatar: 52°10′19″N 0°36′46″E / 52.1719°N 0.6127°E / 52.1719; 0.6127
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Newmarket Ridge er ein rygg av låge kalksteinsåsar som strekkjer seg over 30 km frå Bishop's Stortford i Hertfordshire til Bury St Edmunds i Suffolk, gjennom den søraustlege delen av Cambridgeshire.

Det høgaste punktet langs ryggen er Great Wood Hill, det høgaste punktet i Suffolk.

Det er fleire toppar over 100 meter, men åsane i denne regionen har ofte bratte sider med flate toppar, noko som medfører låg primærfaktor. Eit punkt er Biggin Common, nær landsbyen Castle Camps. Trass i at landemerket er prominent og det høgaste punktet i om lag 20 km omkrins, er primærfaktoren berre 20 meter til den noko høgare Great Wood Hill, 28 km unna.

Byar og landsbyar nær Newmarket Ridge[endre | endre wikiteksten]

52°10′19″N 0°36′46″E / 52.1719°N 0.6127°E / 52.1719; 0.6127