Newry-elva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Newryelva/Clanrye i Newry

Newryelven og Clanrye er to nemningar som begge blir brukt om ei elv i Nord-Irland. Elva renn gjennom byen Newry og ut i Carlingford Lough nær Warrenpoint. På nokre kart blir delen nedstraums frå byen kalla 'Newry River' medan strekninga frå utspringet i Mournefjella til byen blir kalla 'Clanrye'. Det finst likevel òg andre kjelder som ikkje gjer dette skiljet.

Rådhuset i Newry er bygd på ein brukonstruksjon over elva.

Lokalt kallast òg elva 'The County River' («grevskapselven») fordi ho utgjer store delar av grensa mellom grevskapa Down og Armagh.

I følgje tradisjonen skal St. Patrick på ei av reisene sine i Irland ha slått leir ved elva. Her planta han eit barlindtre som skulle symbolisere den veksande kristne trua i Irland. Eit klostersamfunn vart oppretta ved elva, og frå 1144 eit Cisterciensar-kloster.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]