Newtons vogge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dataanimasjon av Newtons vogge oppå eit eksemplar av Newtons bok Philosophiæ Naturalis Principia Mathematica

Newtons vogge er ein pendel oppfinni av Isaac Newton, som synar at både rørsle og energi blir bevart ved elastiske støyt.

Newtons vogge har fem kuler som heng i eit stativ. Dersom ein trekker ut ei kule i eine enden og slepp, vil ho treffe raden med dei andre fire kulene som støyter i kvarandre. Rørsla frå den første kula vil bli overført til den siste, som får same rørslemengde (fart og høgde som ein observerer i forsøket) som den opphavlege. Den siste kula fell så attende og treffer dei andre fire kulene (som er rolege).

I teorien held dette fram uendeleg lenge, men på grunn av friksjonstapet kjem vogga til å stogge til slutt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]