Newtown Bay

Koordinatar: 50°44′N 1°25′W / 50.73°N 1.41°W / 50.73; -1.41
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Newtown Bay
bukt
Land  England
Del av Solent
Kart
Newtown Bay
50°44′N 1°25′W / 50.73°N 1.41°W / 50.73; -1.41

Newtown Bay er ei bukt på nordvestkysten av Isle of Wight i England. Ho ligg rundt munningen til Newtown River og strekkjer seg om lag 4 km frå Hamstead Point i vest til Salt Mead Ledge i aust. Området er fjerntliggande og det er få eigedomar langs denne delen av kysten. Området er eit lågtliggande myrområde med mange sjøfuglar. Kysten av bukta består av eit smalt band med grus, medan havbotn hovudsakleg består av gjørme eller sand.

Aust for elvemunningen og utover i bukta går ei sandtunge, og lenger aust ligg Salt Mead Ledge. Begge desse er berre synlege i fjøre sjø og derfor ein fare for båtar. Området frå her til Great Thorness i aust og Porchfield i sør, vert nytta av forsvaret og er markert på kart som fareområde.

National Trust eig det meste av landområdet og det er ikkje lov å ferdast her i hekkesesongen frå april til juni.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

50°44′N 1°25′W / 50.73°N 1.41°W / 50.73; -1.41