Ngaruawahia
Ngāruawāhia (uttale:/ŋa:ɾuawa:hia/) er ein by i regionen Waikato på Nordøya på New Zealand. Ved folketeljinga i 2006 hadde byen eit innbyggjartal på 5 106[1].
Det har vorte sett fram to tydingar av namnet til byen. Den eine er «lat opp matgrytene», som skal koma frå ein fest som vart halden for fleire hundre år sidan for å feira samlinga av to stammar gjennom eit bryllaup.[2]
Ei noko lausare omsetjing av ordet Ngāruawāhia (Wāhia-ngā-rua) tyder «staden til dei to elvene» på māorispråk, med tanke på at elvene Waipa og Waikato renn saman her.
Innhaldsliste |
Geografi [endre]
Ngāruawāhia ligg 20 km nordvest for Hamilton, der elvene Waikato og Waipa River renn saman.
Invasjonen i 1863 [endre]
Etter Invasion i Waikato i 1863 av britiske imperietroppar, fekk byen namnet Newcastle, men det vart snart etter endra attende til Ngāruawāhia.
Kīngitanga [endre]
Ngāruawāhia er hovudsete for māorirørsla Kīngitanga eller King Movement. Dette var den offisielle residensen til den avdøde māoridronninga Te Arikinui Dame Te Atairangikaahu. Tūrangawaewae Marae ligg på den austlege elvebreidda til Waikato River i Ngāruawāhia, og vart etablert her i 1921.
Referansar [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Ngaruawahia» frå Wikipedia på engelsk, den 26. august 2008.