Nicaragua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
República de Nicaragua

(norsk: Nicaragua, nicaraguansk)

Det nicaraguanske flagget
Flagg
Nasjonalsong «Salve a tí»
Motto Pro Mundi Beneficio (Latin: For the World's benefit)
Geografisk plassering av Nicaragua
Offisielle språk Spansk
Hovudstad Managua
Styresett
Republikk
Daniel Ortega
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
130 370 km² (97.)
2,9 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
5 727 707 (108.)
43,9 /km² (127.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Anerkjent
Frå Spania
15. september 1821
25. juli 1850
Nasjonaldag 15. september
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
17 340 mill. USD (129.)
2 900 USD (139.)
Valuta Córdoba
Tidssone UTC -5
Telefonkode +505
Toppnivådomene .ni


Nicaragua er det største landet i utstrekning i Mellom-Amerika, men har færrast innbyggjarar per kvadratkilometer. Landet grensar til Honduras i nord og Costa Rica i sør.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over Nicaragua

Klima[endre | endre wikiteksten]

Nicaragua har eit tropisk regnklima med varme og fuktige lågareliggande område i aust. Ein har mykje nedbør året rundt, og på søraustkysten kjem det ofte svært store nedbørsmengder om sommaren med 2500-3750 mm i løpet av eit år. Dette området er eit av dei våtaste i Mellom-Amerika. Orkanar er ein stor risiko på austkysten av Nicaragua, særleg frå september og inn i november. Dei nordvestlege høgareliggande områda er litt kjøligare og har mindre fukt. Dei vestlege områda, inkludert Managua, har meir trykkande forhold. Her er det regntid på sommaren, men med ein markert canicula i juli og august, då det kjem lite regn. Perioden frå desember og ut april er òg svært tørr. I desember og januar har ein ofte vindfulle og noko kjøligare dagar. Årstemperaturen er gjennomgåande 26–29 °C med liten skilnad mellom varmaste og kaldaste månad.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nicaragua
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Denne spireartikkelen kan utvidast ved hjelp av den utfyllande artikkelen «Nicaragua» på Wikipedia på bokmål/riksmål.