Nichelino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nichelino
by
Land  Italia
Areal 20,56 km²
Folketal 46 244 (1. januar 2023)[1]
Kart
Nichelino
44°59′44″N 7°38′48″E / 44.995518°N 7.646618°E / 44.995518; 7.646618
Wikimedia Commons: Nichelino

Nichelino er ein by og ein kommune i provinsen Torino i regionen Piemonte i Italia. Kommunen har i kring 49 000 ibuarar og eit flatemål på 20,6 km². Han ligg 229 meter over havet, åtte kilometer sørvest for provinshovudstaden Torino.

Byen Nichelino voks fram då det kom jarnbane midt på 1800-talet. Han opplevde ein kolossal folketilvekst på 1960-talet, då ibuartalet voks frå om lag 15 000 i 1961 til om lag 45 000 i 1971. Dei fleste innflyttarane kom frå Sør-Italia.

Stupinigi-slottet, eit jaktslott bygt for fyrsteslekta Savoia, er frå 1700-talet og medteke på UNESCO si verdsarvliste.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Nichelino