Nicholas Haddock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Admiral Haddock.

Nicholas Haddock (168626. september 1746) var ein britisk admiral og parlamentspolitikar.

Som son av admiral Sir Richard Haddock var det nærast sjølvsagt at Nicholas Haddock skulle inn i marinen, og han utmerkte seg alt som 16-åring som sjøkadett i slaget ved Vigo i 1702. Han vart forfremma til løytnant og var med i støtta til Barcelona i 1706. I slaget ved Kapp Passaro i 1718 var han kaptein på «Grafton», som hadde 70 kanonar, og leia åtaket. I 1732 vart han kommandant av Nore. Han var øvstkommanderande i Middelhavet frå 1738 til 1742, der han med suksess blokkerte spanskekysten og erobra to spanske skatteskip. Han klarte derimot ikkje å få den spanske flåten ut i kamp. Han vart forfremma til viseadmiral i 1741 og til admiral i 1744.

Haddock tente som paralamentsmedlem for Rochester frå 1734 til han døydde.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]