Nicklas Bendtner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nicklas Bendtner
Nicklas Bendtner.jpg
Personleg informasjon
Namn Nicklas Bendtner
Fødselsdato 16. januar 1988
Fødestad København i Danmark
Høgd 194 cm
Posisjon Spiss
Klubbinformasjon
Spelar for Sunderland
Ungdomsklubb
1998-2002
2002-04
2004-05
Danmark B.93
Danmark Kjøbenhavns Boldklub
Flag of England.svg Arsenal
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2005-
2006-07
2011-
Flag of England.svg Arsenal
Flag of England.svg Birmingham (lån)
Flag of England.svg Sunderland
98 (22)
42 (11)
0 (0)
Landslag**
2006
2006-
Danmark Danmark U21
Danmark Danmark
4 (2)
38 (12)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 1. september 2011.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 1. september 2011.

Nicklas Bendtner (fødd 16. januar 1988) er ein dansk fotballspelar, som hausten 2011 spelar for Sunderland, på lån frå Arsenal i engelsk Premier League.

Bendtner drog til Arsenal i England som 16-åring. Som 18-åring i 2006 vart han lånt ut til Birmingham City i nest høgste divisjon for heile 2006/07-sesongen, der han vart fast på laget. Han vart Birmingham sin toppskårar i ligaen med 11 mål den sesongen. Tilbake i Arsenal spelte han frå start for første gong i Premier League 29. desember 2007 mot Everton. Han skåra det første Premier League-målet sitt som innbytar 22. desember 2007 mot Tottenham Hotspur.

Bendtner var den yngste spelaren i den danske troppen til U21-EM i 2006. Han debuterte for det danske A-landslaget 16. august 2006 i ein vennskapskamp mot Polen, der han skåra eitt mål. Han vart kåra til årets spelar i Danmark i 2009.