Nicolai Knudtzon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nicolai Knudtzon

Nicolai Henrik Knudtzon (22. september 178722. juli 1837) var ein kjøpmann og stortingsmann frå Kristiansund. Han var far til Nicolai Henrik Knudtzon, medan Søren Knudtzon og William Knudtzon var brørne hans.

Knudtzon var son av ein kjøpmann i Kristiansund. Fram til 1814 var han medinteressent i familiefirmaet Nicolai Henrich Knudtzon og Sønner. Starta då eiga forretning, som gjorde det godt på handel med fisk.

Under krigsåra 1807-14 kommanderte han kystvernet i Kristiansund, som i 1808 slo tilbake eit angrep frå to engelske fregattar.

Knudtzon representerte Kristiansund og MoldeStortinget i 1833, 1836 og på overordentleg storting 1836-37. Han var på alle tingsamlingane medlem av protokollkomiteen, i 1833 også av komiteen om kjøpstadskatten.

Han døydde i heimbyen i 1837.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914