Nicolai Nielsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nicolai Nielsen

Statsborgarskap Noreg, Danmark
Fødd 3. mars 1777
Odense, Bolbro
Død

10. juli 1854 (77 år)
Borgund kommune

Yrke prest, politikar
Språk norsk, dansk
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Nicolai Nielsen på Commons

Nicolai Nielsen (også skriven for Niels Nielsen, 3. mars 177710. juli 1854) var ein dansk-norsk prest, eidsvollsmann og stortingsmann.

Nielsen var fødd i OdenseFyn i Danmark, far hans var smed. Han var student i 1796 og cand. theol. i 1804. Nokre år frå 1801 styrte han kystsignalstasjonen på Stevns klintSjælland. Frå 1807 var han sokneprest i Vardø, 1812-21 same embete i Ytre Holmedal i Sunnfjord. Perioden 1821-35 var han sokneprest i Eid i Nordfjord, siste fem åra også prost i Nordfjord. Til sist var han sokneprest i Borgund prestegjeld på Sunnmøre, der han døydde i 1854.

Riksforsamlinga på Eidsvoll[endre | endre wikiteksten]

I 1814 var Nielsen utsending frå Nordre Bergenhus amt til riksforsamlingaEidsvoll, der han høyrde til sjølvstendepartiet. Han representerte same amtet på Stortinget i 1830, og var då medlem av militærkomiteen. Dei andre som representerte amtet på riksforsamlinga var Lars Johannes Irgens, og Peder Hjermann vald av amtet, samt Ole Elias Holck og Nils Johannesson Loftesnes vald av Det Bergenhusiske Regiment.

Minnesmerke[endre | endre wikiteksten]

Minnetavla over Niels Nielsen er sett opp i kyrkjemuren på Borgund kyrkjeSunnmøre like ved grava og gravminnet hans. Knut Ekroll utforma tavla og Borgund kommune tok kostnaden. Minnesmerket vart avduka 17. mai 1914. I tekstfeltet står denne innskrifta: Til Minde Om Eidsvoldmanden Provst Niels Nielsen Født 1777, Død 1854. - Borgund Kommune Satte Denne Mindetavle 17 Mai 1914.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]