Nicolas Catinat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nicolas Catinat.

Nicolas Catinat (1. september 163722. februar 1712) var ein fransk offiser og marskalk av Frankrike under Ludvig XIV.

Han gjekk inn i den franske garden i ung alder og utmerkte seg i omleiringa av Lille i 1667. Han vart brigader ti år seinare, maréchal de camp i 1680 og generalløytnant i 1688. Han tente med stor ære under felttoga i 1676–1678 i Flandern under den fransk-nederlandske krigen og deltok seinare i forfølginga av valdensarane i 1686. Etter å ha teke del i omleiringa av Philippsburg under opninga av niårskrigen og han vart kommandant for dei franske soldatane i den søraustlege krigskodeplassen i krigen. I 1691 kryssa han inn i grevskapet Nice, og erobra byane Nice og Villefranche.

Sigrane hans mot hertugen av Savoie i slaget ved Staffarda i 1690, og slaget ved Marsaglia i 1693, var av dei største bragdene hans. I 1693 vart Catinat marskalk av Frankrike.

I byrjinga av den spanske arvefølgjekrigen vart Catinat sett til å leie operasjonane i det nordlege Italia, men han vart hindra av ordrane frå det franske hoffet og dei svake styrkane. Han vart utmanøvrert av Eugene av Savoie og leid eit nederlag i Carpi. Kort tid etter vart han erstatta av marskalk Villeroi. Som nestkommanderande for Villeroi vart dei franske styrkane igjen slått av Eugene i slaget ved Chieri. Catinat døydde i Saint-Gratien i 1712.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]