Nicolas Gombert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nicolas Gombert
Fødd ca. 1495, Sør-Flandern
Død ca. 1560
Sjanger Renessansemusikk, vokalmusikk
Yrke Komponist

Nicolas Gombert (om lag 1495-om lag 1560), var ein komponist frå Flandern, kjend for å ha vidareutvikla dei polyfone prinsippa frå den flamske skolen. Han er rekna som ein av dei mest framtredande komponistane mellom Josquin des Prez og Palestrina.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Vi veit ikkje stort om den tidlege delen av livet til Gombert. Han vart fødd i søre Flandern om lag 1495, mest truleg i byen La Gorgue. Han skal ha studert musikk hjå Josquin des Prez, på den tida Josquin var i trakta, mellom 1515 og 1521. I 1526 vart Gombert tilsett som songar i kapellet til keisar Karl V, og vart rekna som leiar for koret der i 1529. I denne tida trur ein han og var tilsett som komponist. Keisaren reiste ein god del, og koret følgde med på ferdene hans. Soleis var Gombert og mykje på farten dei følgjande åra. Sidan Karl og var konge av Spania, førde dette til at Gombert fekk tyding for utviklinga av polyfonisk stil her. Gombert heldt fram som hoffkomponist i hoffet til Karl i mange år, jamvel etter at han vart utnemnd til prest.

I 1540 tok dette livet brått slutt. Gombert vart borte frå rullane ei tid, og soga seier han vart sendt på straffarbeid som galeislave etter å ha trakassert ein av gutane seksuelt. Han fekk nåde att kring 1547, og heldt fram som komponist. Han levde meir stillfarande etter denne hendinga, og var truleg busett i Tournai til han døydde. Når han døydde er uvisst. Åra som er gissa på strekkjer seg frå 1556 til 1561.

Musikalsk stil[endre | endre wikiteksten]

Stilistisk er Gombert rekna som høgdepunktet for tidleg polyfoni før Palestrina. Han meistra og utvikla stilen vidare frå Josquin, og skapte ein imitasjonsteknikk få kunne gjere han etter. Rein homofoni er sjeldan i verka hans. Han lika trongføring, og skreiv sjeldan vanleg kanon. Han utvida òg koret, som til då hadde hatt fire stemmer, slik at han kunne skapa dei klangane han ønskte. Soleis vart han førebilete for dei store korkomponistane i seinrenessansen, som Adrian Willaert og Giovanni Gabrieli. Korsatsane hans kan ha så mykje som ti eller tolv stemmer. Han skreiv om lag 10 messer, 140 motettar, 70 chansonar, minst ein madrigal og ein Cancion, skriven i Spania.

Den polyfone teknikken hans vart førebiletet for utviklinga av dei barokke formene Ricercar og fuge1600-talet. Han vart høgt prisa av andre komponistar i tida, og teken til førebilete. At mange av verka hans vart prenta, kan og forklåre mykje av dette omdømet. Likevel fann andre komponistar at det ikkje var lett å hevja seg til same stilistiske høgd som Gombert. Difor skreiv mange lettare og meir einfelt i generasjonen etter. Dei polyfone ideane hans vart mest nytta i instrumentalsamanheng, heller enn i vokal. Slik påverka han barokken i meir enn hundre år etter han var daud. Gomberts stil er rekna som den mest avanserte fleirstemmige stilen innan vokalmusikk, før eller sidan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nicolas Gombert