Nicolas Léonard Sadi Carnot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nicolas Léonard Sadi Carnot

Nicolas Léonard Sadi Carnot (1. juni 179624. august 1832) var ein fransk fysikar og militæringeniør som skreiv om prinsippa for den andre termodynamikklova i ei avhandling om varmekraftmaskinar.

Sadi Carnot, son av Lazare Nicholas Marguerite Carnot, var fødd i Paris i Frankrike i 1796 og døydde der av kolera i 1832. Han var offiser i den franske hæren.

I 1824 utgav han Réflexions sur la puissance motrice du feu der han prøvde å forklare korleis ein kan få mest mogleg arbeid ut av ein varmekraftmaskin, som til dømes ei dampmaskin, frå ei gjeven mengd varme, til dømes frå ei gjeven mengd brennande kol. Ingeniørar på tida hans hadde prøvt ulike mekaniske måtar for å auke mengda arbeid frå motorar.

Carnot hevda, korrekt, at alt som tydde noko, etter å ha fjerna tap som friksjon og varmetap, var å maksimere skilnaden mellom varmekjelda og varmesluket. Sjå Carnotprosess. Avhandlinga hans kan reknast som starten på moderne termodynamikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]