Nicolas Poussin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nicolas Poussin – Sjølvportrett (1650). Louvre, Paris

Nicolas Poussin (15. juni 159419. november 1665), fødd i Les Andelys, Frankrike, død i Roma, var ein fransk målar. Han heldt seg i Roma gjennom store delar av livet sitt (han blei favorisert av pave Urban VIII), med unntak av ein kort periode då kardinal Richelieu sendte han til Frankrike som førstemålaren til kongen.

I 1612 reiste Poussin til Paris, der han hos Georges Lallament og Ferdinand Elle heldt fram med utdanninga si, som truleg hadde teke til i Rouen. Etter eit besøk i Venezia reiste Poussin i 1624 til Roma. Bortsett frå ei reise til Paris i 1640-1642 blei han i Roma til han døydde.

Han var sentral innan landskapsmåleri og blir rekna som grunnleggaren av det franske klassisistiske måleriet på 1600-talet. Arbeida hans var ofte klåre, og bar preg av orden. Han hevda at fargen hadde ein dekorativ verdi i eit måleri og var mindre viktig enn dei meir formelle delane teikning og komposisjon. Denne haldninga kom seinare til å bli kalla for poussinisme. Utifrå den antikke kunsten og den italienske renessansen utførte Poussin religiøse og mytologiske historiemåleri, portrett og landskap. Han blei den viktigaste referansen for seinare franske klassisistar som Jacques-Louis David. Trass i at Poussin måla under barokken, blir bileta hans kjenneteikna av vektlegginga av linja, teikninga og intellektuelle ordensprinsipp frå renessansen framfor dem dramatiske fargebruken og emosjonelle patosen i barokken.

«Et in Arcadia Ego» (1637-1639). Louvre, Paris

Kunstverk i utval[endre | endre wikiteksten]

  • Germanicus død (1627)
  • Den heilage Erasmus martyrium (1628)
  • Midas og Bacchus (1629-1630)
  • Pesten i Ashdod (1630)
  • Et in Arcadia Ego (1637-1639)
  • Israelittane samlar manna i ørkenen (1637-1639)
  • Landskap med Polyfemos (1648)
  • Sjølvportrett (1650)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nicolas Poussin