Nidarosdomen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 63°25′38″N 10°23′47″E

Vestfronten av Nidarosdomen.
Nidarosdomen sett frå Elgeseter bru (Foto: Alex Brasetvik)

Nidarosdomen (eigentleg Nidaros domkyrkje) i Trondheim er domkyrkje for Nidaros bispedøme. Ho er den største kyrkja i Noreg og den nest største gotiske kyrkja i Norden (etter Uppsala domkyrka i Sverige). Truleg kan ho òg seiast å vera den viktigaste kyrkja i Noreg.

Namnet Nidaros kjem av oset til Nidelva. Nidaros er eit gamalt namn på Trondheim by.

Kyrkja er bygd over det som skal vera gravstaden til Heilag-Olav (kong Olav II av Noreg). Han vart drepen i slaget ved Stiklestad i 1030. Ei kjelde med heilag vatn skal ha sprunge fram der kongen hadde vora gravlagd den første vinteren. Ifylgje folketrua hadde dette vatnet lækjande krefter. Etter tradisjonen skal det vera der brunnen er i kyrkja i dag. Etter kvart vart kong Olav rekna som ein heilag mann, og han fekk helgenstatus av den romersk-katolske kyrkja som ein martyr, ein som døydde for si kristne tru. Pilegrimar vandra frå heile Europa for å koma til gravstaden til Heilag-Olav og for å verta friske ved hjelp av vatnet i Olavsbrunnen. I mellomalderen var Nidarosdomen det viktigaste pilegrimsmålet i Norden. Kyrkja vart såleis i stor grad bygd for å kunna ta imot pilegrimane.

Det gotiske skipet mot vest med vestfronten vart bygd i basilikaform omkring 1250-1300.[1]

Nidarosdomen er nasjonalheilagdom for Noreg. I den norske grunnlova av 1814 vart det slege fast at regenten av Noreg skal kronast i Trondheim. Nidarosdomen vart sist brukt som kroningskyrkje i 1906, då kong Haakon VII vart krona. Etter avskaffinga av kroningssermonien har kyrkja vore nytta til signing av regenten. Dei norske kronregalia er utstilt i Riksregaliemuseet som ligg i Lavetthuset til Erkebispegården, ved sidan av Nidarosdomen.

Det er omkring 1850 sitjeplassar[2], og målt i talet på sitjeplassar er domen mindre enn Kongsberg kyrkje.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Nidarosdomen i 1857, sett frå nordaust.

Eit lite trekapell vart bygd om lag 1035. Om lag 1070 fekk kong Olav III Kyrre bygd ei større Kristkyrkje. Kyrkja var av stein og stod ferdig om lag i 1090. Olavsskrinet med Heilag-Olav i stod på høgalteret i Kristkyrkja.

I 1152/53 vart Noreg ein eigen kyrkjeprovins. På grunn av statusen til Heilag-Olav hadde Nidaros vorte eit viktig maktsentrum i Noreg. Her vart dei norske kongane krona, og mot slutten av 1000-talet omtala Adam av Bremen Nidaros som Noreg «metropolis civitas» – altså hovudstad. For å sikra seg betre kontroll over Nord-Europa, utnemnde paven Nidaros til erkebispesete. Dette innebar at Kristkyrkja var for lita både når det gjaldt å ta imot pilegrimar, og med tanke på at dette var ei av dei viktigaste kyrkjene i Norden. Dei to fyrste erkebispane, Jon og Øystein, sette difor i gang eit stort byggjeprosjekt for å gjera Kristkyrkja større. Den gamle kyrkja vart nytta som kor, og den nye delen, tverrskipet, vart bygd i anglo-normannisk/romansk stil.

Som fylgje av tronarvingsstriden med kong Sverre var erkebiskop Øystein i eksil i England ein periode. I 1183 kom han attende, og byggjestilen vart lagt om til tidleg-gotisk stil, som var alminneleg i engelske katedralar frå same epoken. Etter kvart vart det bygd eit større kor kring den gamle Kristkyrkja. Den opphavlege kyrkja vart sidan riven ned, slik at tverrskipet er den eldste delen av dagens Nidarosdom. Det var òg under Øystein at oktogonen vart bygd på koret. I det åttekanta rommet med eit ambulatorium vart Olavsskrinet i sylv plassert på høgalteret. Mange av steinhoggarane som arbeidde på Nidarosdomen var utlendingar, spesielt engelskmenn. Eit handfast prov på denne kulturelle utvekslinga er dei to søylene med ribbemønster ved inngangen til oktogonen. Dette mønsteret finst elles berre i Lincoln-katedralen i England.

Skipet var den siste delen av Nidarosdomen som stod ferdig. Grunnsteinen til Vestfronten vart lagd i 1248, og kyrkja stod ferdig kring år 1320.

Katedralen vart herja av brann i 1327 1432, 1451 (truleg) og 1531. Kort tid etter den siste brannen, i 1537, kom reformasjonen til Noreg. Den katolske kyrkja miste mesteparten av jordegodset sitt, og Nidarosdomen har sidan vore nytta som ei luthersk soknekyrkje. Dei neste hundreåra var det ikkje pengar til anna enn heilt naudsynt vedlikehald; skipet vart liggjande i ruinar og vart avstengd frå resten av kyrkja med ein vegg. I 1708 brann heile katedralen, unnateke steinmurane. Kyrkja brann att i 1719 etter lynnedslag.

I 1814 var Nidarosdomen det einaste bygget som vart nemnd i Grunnlova. På grunn av den historiske statusen til Nidarosdomen, avgjorde Eidsvollsmennene at kyrkja skulle vera den offisielle kroningskyrkja for den norsk-svenske kongen. Denne nasjonalromantiske avgjerda gjorde at styremaktene vart merksame på at Nidarosdomen hadde forfalle stort, og ei stor gjenoppbygging av katedralen starta i 1869. Opphavleg var det berre planlagt å restaurera dei austre delane; ein såg det som for omfattande å byggja opp att skipet, der berre nedste del av murane framleis stod. Etter unionsoppløysinga i 1905, bestemte Stortinget at den sjølvstendige nasjonen Noreg skulle ha ein komplett katedral, og gjenoppbygginga vart offisielt gjort ferdig i 2001.

Orgel[endre | endre wikiteksten]

Nidarosdomen har to store pipeorgel, som båe er rekna for å ha stor historisk verdi. Det eldste vart bygt av den tyske orgelbyggjaren Johann Joachim Wagner i 1738-39, og vart sett opp av meistersveinen Peter Migend i 1741. Det har 30 stemmer, 2 manual og pedal, og står på eit galleri i det nordre tverrskipet. Etter å ha vore lagra i kyrkja frå 1930 vart det i 1994 restaurert og sett opp att av Jürgen Ahrend.

Til 900-årsmarkeringa av slaget på Stiklestad i 1930 vart eit nytt stort orgel tinga frå den tyske orgelfabrikken Steinmeyer. Då det stod ferdig hadde det 127 stemmer, 4 manual og pedal og 9600 piper. Under ei stor ombyggjing på 1960-talet vart Steinmeyer-orgelet flytt til eit nytt galleri i vestenden av kyrkja, og mange stemmer vart fjerna. Dette øydela mykje av heilskapen i instrumentet, og det er planar om ei full restaurering.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn og referansar[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nidarosdomen
  1. Ekroll, Øystein (1997): Med kleber og kalk: norsk steinbygging i mellomalderen. Oslo: Samlaget
  2. http://www.kyrkjesøk.no/kirker/Nidaros-domkirke lese på nett 4.1.2013