Nidelva
- Sjå òg Nidelva i Agder
| Nidelva | ||
|
|
||
| Utspring | Selbusjøen ved Brøttem i Klæbu | |
| Munning | Trondheimsfjorden ved Brattøra i Trondheim | |
| Lengd | 30 km | |
| Renn gjennom | Tiller, Leirfossene, Stavne, Trondheim sentrum | |
Nidelva er ei 30 km lang elv i Sør-Trøndelag. Ho har utspringet sitt ved Bjørsjøen like nedanfor Selbusjøen ved Brøttem i Klæbu kommune. Ved Hyttfossen ligg Hyttfossen dam som regulerer Selbusjøen. Nedanfor Hyttfossen ligg Løkaunet kraftstasjon, og elva renn vidare forbi Svean kraftstasjon. Lengre mot nord i Klæbu ligg Fjæremsfossen dam og kraftstasjon. Frå der renn ho nordover forbi Tiller til Leirfossene der det er to vasskraftverk. Vidare har ho eit svingete (meandrerande) løp forbi Stavne og gjennom Trondheim sentrum. Ho munnar ut i Trondheimsfjorden ved Brattøra (nær Trondheim sentralstasjon).
Nidelva er nederste del av Nea-Nidelvvassdraget.
[endre] Fiske
Næringsproduksjon for fisk er stor og dette gir tildels stor fisk av god kvalitet. I den øverste delen av Nidelva er det auren som dominerer, og mellom Nedre- og Øvre Leirfoss er det førebels fritt fiske[1]. Dei nederste 8 kilometrane av Nidelva er lakseførande. Den lakseførande strekninga går gjennom Trondheim sentrum opp til Nedre Leirfoss. Nidelva har ein storvokst laksestamme, og nesten kvart år blir det fanga laks på over 20 kg. Rekordlaksen er fra 1954 og var på 31,8 kg. Fangstane er også gode, årlig fanges det mellom 3 og 10 tonn laks[2].