Nidelva i Agder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nidelva
Nidelva nedanfor Froland kyrkje
Nidelva nedanfor Froland kyrkje
Utspring Nisserelva og Fyreselv
Munning Arendal
Lengd 210 km
Middelvassføring 110 m³/s
Nedslagsfelt 4000 km²

Nidelva er hovudelva i Arendalsvassdraget i Aust-Agder. Ho har namnet frå der Nisserelva og Fyreselv renn saman og til utløpet ved Arendal. Elva Gjøv med utspring i Nesvatn renn òg ut i Nidelva. Vassdraget har ei lengd på 210 km, og nedbørfeltet er 4000 km². Elva er utbygd med fleire kraftverk.

Nidelva er lakseførande på ein 22 km lang strekning opp til Evenstad kraftverk. Elva har ikkje reproduserande laks og det er derfor planlagt kalking og kultivering.

Ved Rygene er gjennomsnittleg vassføring 110 m³/s. Den høgaste vassføringa vart målt hausten 1987. Då passerte om lag 1200 m³/s Rygene kraftverk.

Nidelva er ein del av Arendalsvassdraget som i norsk samanheng er eit av dei mest regulerte vassdraga med til saman 16 kraftverk.

Nidelva har tre utløp, eit mot Arendal, eit mellom Hisøya og Gjervoldsøy og eit på vestsida av Gjervoldsøy.