Niedere Tauern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Niedere Tauern er ei fjellkjede i sentrale område av Austerrike og ein del av Dei sentrale Alpane. Ho ligg like aust for Hohe Tauern i delstatane Salzburg og Steiermark, frå Murtörl i vest til Schoberpasset i aust.

Fleire skisenter ligg i Niedere Tauern, inkludert Obertauern og Schladming.

Niedere Tauern markerte den austlege grensa for det samanhengande isdekke under den siste istida (Weichsel-istida). Austlege delar av gruppa var derfor utan is og var eit viktig refugium for kiselhaldige planter.

Niedere Tauern kan vidare delast inn i Radstädter Tauern, Schladminger Tauern, Wölzer Tauern, Rottenmanner Tauern og Seckauer-alpane. Det høgaste fjellet i Niedere Tauern er Hochgolling i Schladminger Tauern med 2 863 meter.

Koordinatar[endre | endre wikiteksten]

47°18′N 14°00′E

Kjelder[endre | endre wikiteksten]