Niels Aall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Niels Aall av Jacob Munch.

Niels Aall (1. desember 176923. oktober 1854) var ein norsk godseigar, kjøpmann, stortingsmann og statsråd.

Aall var fødd i Porsgrunn, der far hans dreiv trelasthandel. Etter fleire års utanlandsopphald, Frankrike og England, der han lærte seg språk og handelskunnskap, slo Niels Aall seg ned som kjøpmann i Skien. Frå 1810 var han rådmann i Skien og Porsgrunn.

2. mars 1814 vart han av Kristian Fredrik utnemnd til regjeringsråd, og sjef av 4. departement, som tok seg av handels- og tollvesenet. 19. mai 1814 vart han medlem av provianterinsgkommisjonen og føretok straks etter, saman med sorenskrivar Wilhelm F. K. Christie og Marcus Gjøe Rosenkrantz ei reise til England for å underhandle om Noregs sjølvstende, til inga nytte. I lag med statsråd Jonas Collett avslutta han Mossekonvensjonen i Moss 14. august. 28. november tok han avskjed som statsråd. Han var medlem av Stortinget 1815-16 som 1. representant frå Bratsberg amt. Han var då visepresident i Stortinget, og ei tid president i Lagtinget. Medlem av ni komitear, formann i komiteen for finans-, skatte-, bank- og pengestellet.

Aall overtok Ulefos Hovudgard med tilhøyrande skogar etter far sin. Under vanskelege konjunkturar overlet han eigedommen til sonen Hans. Han budde så ei tid på garden Brekke ved Skien, men flytta seinare tilbake til Ulefoss, der han døydde.

Aall var bror til eidsvollsmennene Jørgen Aall og Jacob Aall. Han var onkel til stortingsmennene Nicolai Cappelen og Ulrik Cappelen. Severin Løvenskiold var syskjenbarnet hans.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Aall var innehavar av St. Olavs Orden og Nordstjerneordenen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]