Niels Koren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Niels Koren
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. september 1801
Ullensvang kommune
Død

4. april 1862 (60 år)

Yrke prest, politikar
Språk norsk
Far Arnoldus von Westen Sylow Koren

Niels Koren (19. september 18014. april 1862) var ein norsk prest og stortingsmann frå Ullensvang. Arnoldus Koren var far hans.

Koren vart student frå Bergens katedralskole i 1822 og cand. theol. i 1827. Frå 1832 var han personellkapellan i Kinsarvik, ti år seinare overtok han sokneprestembetet. Han styrte embetet til han døydde.

Koren representerte Søndre Bergenhus amtStortinget 1842-1858. Han var i 1842 sekretær i konstitusjonskomiteen, i 1845 formann i same og medlem av Lagtinget og av lovkomiteen. Visesekretær i Lagtinget 1848 og -51, medlem 1848 og sekretær 1851 og 1854 i konstitusjonskomiteen. Han var medlem av arbeidarkomiteen i 1851, sekretær 1854 og medlem 1857 av Lagtinget og konstistusjonskomiteen. Som medlem av Lagtinget 1845 var han med i riksretten 1845.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914