Niels Krabbe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Niels Kaare Krabbe (fødd 1. juli 1951) i Frederikshavn, Danmark, er ein dansk ornitolog og fuglevernarbeidar knytt til Zoologisk Museum i København. Han forskar ulike aspekt av ornitologi, spesielt bioakustikk og bevaring, og systematikken for tapakuloar i Scytalopus-slekta. Krabbe har arbeidd mange år i Andes, spesielt i Ecuador, og er kjent som medforfattar av Birds of the High Andes.

Liv og arbeid[endre | endre wikiteksten]

Niels Krabbe arbeidde mange år som ringmerkar i Danmark, og deretter fleire år i Israel, der han var preparant ved Det hebraiske universitetet i Jerusalem. I 1988 vart han uteksaminert frå Universitetet i København i biologi, geografi og geologi. I 1995 tok han doktorgraden på same universitet. Krabbe har gjort ornitologisk feltarbeid i fjerntliggande område av Asia, Afrika og Nord-Amerika. I mange år studerte han fuglar i lite kjende område i Andes. Han observerte nye og sjeldne artar, samla inn og preparerte skinn og gjorde ei rekkje lydinnspelingar. Dei fleste av dei tusenvis av skinn og innsamla vevsprøvar er oppbevart på Zoologisk Museum i København.

Saman med Jon Fjeldså gav han i 1990 ut boka Birds of the High Andes, der han skreiv delen om sporvefuglar i verket, etter det jobba han i eit år for BirdLife International. I 1992 bidrog han til boka Threatened Birds of the Americas, mest om truga artar i Andes. I 1998 var han med på å stifte organisasjonen Fundación Jocotoco, som har som mål å kjøpe habitat for truga fugleartar i Ecuador og å verne dei. Han er òg medlem av ProAves Colombia, eit anna artsvernprosjekt i Colombia. I same år etablerte han Projekto Ognorhynchus for å verne den siste kjende populasjonen av guløyreparakitt i Colombia. Krabbe stod i 1998 for gjenoppdaginga av bleikhovudkjerrsporv, og i 2004 av Coeligena orina, ein trua kolibri med avgrensa leveområde i Colombia, som det hadde mangla observasjonar av siste 50 år.

Det vitskaplege arbeidet til Krabbe i Ecuador førte til ein revisjon av slekta Scytalopus av tapakuloar. Han skildra fleire artar som tidlegare ikkje var omtala skriftleg. I 2006 oppdaga han ein ny tidlegare uskildra ugleart i Megascops-slekta. Arten vart funnen i Sierra Nevada de Santa Marta, Magdalena-departementet, Colombia.

Etter år 2000 har Krabbe arbeidd som kurator ved Zoologisk Museum i København og held samstundes fram sitt konserverings- og forskingsarbeid i Ecuador og Colombia.

Utval av publikasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • 1990: Birds of the High Andes: A manual to the birds of the temperate zone of the Andes and Patagonia, South America (med Jon Fjeldså)
  • 1991: Avifauna of the Temperate Zone of the Ecuadorean Andes: Technical Report Over Surveys in 1990-91 with Reviews of Previous Ornithological Work in the Zone. Zoological Museum, University of Copenhagen, 1991
  • 1992: Threatened Birds of the Americas: The ICBP/IUCN Red Data Book (med Nigel Collar)
  • 1998: Avian Diversity in the Ecuadorian Andes: An Atlas of Distribution of Andean Forest Birds and Conservation Priorities. Centre for Research on the Cultural and Biological Diversity of Andean Rainforests (DIVA)
  • 2003: Handbook of the Birds of the World: Broadbills to Tapaculos. Band 8. (Kapittel om Rhinocryptidae og Formicariidae)

Fuglar som blei skildra første gongen av Niels Krabbe[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]