Niels Rye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Niels Mathias Rye (24. august 18246. februar 1905) var ein norsk embetsmann, stortingsrepresentant og statsråd.

Rye var fødd i Bø i Telemark, far hans var offiser. Sjølv vart han student i 1841 og cand. jur. i 1846. Frå 1847 arbeidde han i indredepartementet, siste tre åra, 1857-60, var han byråsjef i generalpostdireksjonen. Deretter var han tilsett i marine- og postdepartementet, ekspedisjonssekretær frå 1863. År 1869 vart han amtmann i Søndre Bergenhus. Frå 1877 var han amtmann i Bratsberg og i perioden 1880-1905 stiftamtmann i Kristiania. Han var i 1877 formann i ein kongeleg kommisjon om «abnormskolevæsenet».

1877-79 var Rye stortingsrepresentant for Bergen. Han var medlem av vegkomiteen.

I fem døgn var Rye statsminister i Noreg, i overgangen mellom Selmer-regjeringa og Schweigaard-regjeringa, frå 29. mars til 3. april 1884.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]