Niels Stensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Niels Stensen

Niels Stensen (eller Steensen), også kalla Nicolas Steno (1. januar 163825. november 1686) var ein dansk vitskapsmann, ein pioner innanfor både anatomi og geologi.

Etter å ha avslutta universitetsutdanninga i fødebyen København, der han las medisin frå 1656 til 1659, reiste han ut i Europa. I Nederland, Frankrike og Italia kom han i kontakt med prominente forskarar, og takk vere hans gode observasjonsevne oppdaga han fort viktige samanhengar. På ei tid då forsking i faget naturvitskap gjekk ut på å studere dei gamle antikke autoritetane, hadde Stensen mot til å stole på sine eigne augo, sjølv når det han observerte skilde seg frå fastlagde tradisjonelle doktrinar.

Medisin[endre | endre wikiteksten]

Niels Stensen drog i 1664 til Paris, der han oppheldt seg frå november til september 1665 hos mesenen Melchisédek Thévenot. I den perioden helt Stensen eit foredrag om hjerneanatomi, der han skildrar disseksjonar av hjernen og samtidig kritiserer tidlegare spekulasjonar om funksjonen til hjernedelane. Det er særleg den engelsk anatomen Thomas Willis og den franske filosofen Descartes som blir kritisert. Foredraget vart i 1669 utgjeve som bok.

I 1672 skildra han hjartefeilen som er årsak til hjartelidinga som sidan har fått namnet Fallots tetrade.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Faksimile av tittelbladet til De solido intra solidum naturaliter contento dissertationis prodromus (1669)

Stensen fann fossile haitenner og sniglar og forklarte opphavet til fossila. Han var den første som kunne vise korleis sedimentære lag vart avsette i havet, slik at yngre bergartar vert liggande oppå eldre. Han publiserte dei geologiske studia sine i De solido intra solidum naturaliter contento dissertationis prodromus «(Foreløpig utkast til ei avhandling om ein fast lekam naturleg inneslutta i ein fast lekam)».

Religiøsitet[endre | endre wikiteksten]

Stensen var kritisk til den lutherske læra som han var oppseda i. Han møtte den romerske katolisismen då han studerte i Firenze, og etter teologiske studium konverterte han til katolisismen.

Han vart ordinert til prest, seinare biskop i Schwerin og vart send til det lutherske nordlege Tyskland. Her døydde han i 1686.

23. oktober 1988 vart Stensen saligkåra av pave Johannes Paul II. Ei saligkåring er første steget på vegen mot kanonisering til helgen.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Steno Museet i Århus er oppkalla etter Niels Stensen. Det inneheld utstillingar kring naturvitskapens historie og medisinens historie. Museet har også eit planetarium og ein hage med medisinplantar.

Der er eit Niels Steensens Gymnasium i København.

Stensens bok om hjerneanatomi blir utdelt til nyutdanna københavnske hjernekirurgar.

Niels Stensen ligg i ein sarkofag i kyrkja San Lorenzo i Firenze.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • De solido intra solidum naturaliter contento dissertationis prodromus (Førebels utkast til ei avhandling om ein fast lekam naturleg inneslutta i ein fast lekam) (1671)
  • Elementary Mylogical Specimens (1669)
  • Anatomical Observations (1662)
  • Discours sur L'Anatomie du Cerveau, 1669, Paris. Baseret på foredrag halde i Paris 1665. Faksimile [1].
  • Of the anatomy of the Brain (1671)

Litteratur og bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]