Niels Vibe Stockfleth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Niels J. Chr. Vibe Stockfleth

Nils Joachim Christian Vibe Stockfleth, (11. januar 178726. april 1866), f. i Fredrikstad, var ein dansk og norsk offiser og ein norsk geistleg. Stockfleth var sentral i arbeidet med å vidareutvikle det nordsamiske skriftspråket1800-talet. Han skreiv ein samisk grammatikk, ei samisk ordbok og fleire religiøse skrift på samisk.

Oppvekst, utdanning og arbeid[endre | endre wikiteksten]

Foreldra til Nils J.Chr. Vibe Stockfleth var prost Niels Stockfleth (1756-1794) og Anne Johanne Vibe (1753-1805). Stockfleth var student i København frå 1803 til 1804 då han vart tilsett som ekstraskrivar i Det danske kancelli. Han følgde juridiske førelesingar, ei tid gjekk han òg i snikkarlære. I 1808 vart han løytnant, han deltok i slaget ved Sehested i 1813.

I 1814 reiste han til Noreg og gjekk inn i den norske hæren. Her fekk han etter kvart teneste i Valdres, og etter å ha arbeidd nokre år som huslærar hos soknepresten i Slidre, fekk han i 1823 tenestefri for å studere teologi. I desember 1824 tok han eksamen i teologi, og i mars 1825 vart han utnemnt til sokneprest i Vadsø. I 1828 vart han overførd til Lebesby. i 1839 fekk han avskil frå fast presteteneste slik at han betre kunne halde fram arbeidet til beste for det samiske folket.

Språkforskaren[endre | endre wikiteksten]

Stockfleth høyrde til opplysningstida sine teologar. Han gjorde eit stort arbeid som prest for det samiske folket, spesielt på det litterære området. I samarbeid med den danske språkforskaren professor Rasmus Rask utvikla Stockfleth det samiske skriftspråket vidare slik at det kunne verte brukt i religiøs litteratur. Han gav ut fleire samiske lesebøker og ein samisk grammatikk.

Både i pressen og i regjeringa var det sterke krefter som meinte at samane burde få all undervisning på norsk, og at undervisning på samisk språk berre forseinka arbeidet med å modernisere det samiske folket.

Kautokeino 1851-52[endre | endre wikiteksten]

I 1851 reiste Stockfleth for siste gong til Finnmark. Han vart straks oppfordra til å reise til Kautokeino, der den læstadianske vekkinga hadde ført til andeleg uro. Biskopen håpte Stockfleth kunne greie å leie vekkinga inn på eit sunnare spor, sidan Stockfleth kunne samisk, og alle dei andeleg vakte samane kjente bøkene hans. Men i møte med ein framand kristendom greidde han ikkje temje temperamentet sitt. Han møtte samane i forsamlinga deira, men då mange i møtet vart gripne av ekstase, gav han seg til å slå rundt seg både med hendene og med stokken sin for å få dei til sans og samling.

Sjølv om det første møtet vart skremmande, heldt dei andeleg vakte samane fram med å møte Stockfleth, men det kom lite ut av samtalane. Han reiste frå Finnmark få månader før Kautokeino-opprøret. Frå 1853 mottok han pensjon frå staten.

Bibliografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • 1840: Grammatik i det lappiske Sprog, saaledes som det tales i norsk-Finmarken.. Christiania: Grøndahl.
  • 1840: Det nye testamentet på samisk
  • 1848: Bidrag til kundskab om finnerne i kongeriget Norge
  • 1848: Bidrag til kundskab om qvænerne i kongeriget Norge
  • 1852: Norsk-lappisk ordbog
  • 1860: Dagbog over mine missionsreiser i Finmarken[1]

Referenser[endre | endre wikiteksten]

  1. Karl Vilhelm Hammer, "Stockfleth, Nils Joachim Christian Vibe" i Nordisk familjebok, v. 26, 1454-1455, Stockholm: Gernandts boktryckeri, 1917.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]

  • Adolf Steen 1954: Samenes kristning og finnemisjonen til 1888
  • Nellejet Zorgdrager. De rettferdiges strid : Kautokeino 1852 : samisk motstand mot norsk kolonialisme ; omsett frå nederlandsk av Trond Kirkeby-Garstad. - Nesbru : Vett & viten ; Oslo : i samarbeid med Norsk folkemuseum, 1997. - 558 s. .(Samiske samlinger ; B.18, red.: Ove Pettersen).