Nieuwe Maas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nieuwe Maas
elv
Nieuwe Maas i sentrum av Rotterdam
Land  Nederland
Del av Rhinen–Maas–Schelde-deltaet
Lengd 24 km
Kjelde Lek, Noord
Munning Scheur
Kart
Nieuwe Maas
51°54′00″N 4°20′00″E / 51.9°N 4.33333333°E / 51.9; 4.33333333
Plasseringa til Nieuwe
Plasseringa til Nieuwe
Plasseringa til Nieuwe
Wikimedia Commons: Nieuwe Maas

Nieuwe Maas («Nye Maas») er ei elvegrein i Rhinen-Maas-deltaet i Nederland. Ho oppstår der elvane Noord og Lek renn saman og renn vestover gjennom Rotterdam. Ho endar opp vest for byen der ho renn saman med Oude Maas (Gamle Maas), nær Vlaardingen, og dannar Scheur. Den totale lengda hennar er om lag 24 km.

Nieuwe renn gjennom nokre av dei tettast folkesette og mest utvikla områda i Nederland og langs breidda av elva ligg det mange hamner og industriområde.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I tidleg mellomalder var Nieuwe Maas rekna for å vere ei fortsetjing av elva Merwede og gjekk derfor under dette namnet. Opphavleg var Merwede ein fortsetjing av elva Waal (som igjen er ei grein av Rhinen), men etter nokre store flaumar endra Maas retning og rann òg ut i Merwede. Frå den tid vart fleire strekk av den opphavlege Merwede kalla Maas i staden for.

Nieuwe Maas og munningen hennar i 1769.
Kart over Brielse Maas i dag.

Som følgje av dette vart Nieuwe Maas og Oude Maas rekna for å høyre til Maas-deltaet. Nær Vlaardingen møttest desse to og før dei delte seg opp igjen ved øya Rozenburg. Den nordlege greina vart kalla Het Scheur og den sørlege greina Nieuwe Maas eller Brielse Maas sidan ho rann nær Brielle. Dei møttest igjen og danna eit estuar kalla Maasmond («Munningen av Maas»). Både Maas og Rhinen endra derimot elveleie igjen og tok ein kurs lenger sør. Som følgje av dette vart Nieuwe Maas igjen den største greina til Rhinen, medan Maas berre medverkar med ein liten del av vatnet til det som tidlegare var munningen hennar.

Nieuwe Waterweg stod ferdig rann Nieuwe Maas ut i denne kanalen i staden for direkte ut i sjøen. Brielse Maas-delen vart demd opp og fråskild Scheur på midten av 1900-talet (og dannar i dag innsjøen Brielse Meer), slik at alt vatn no renn gjennom den kunstige Nieuwe Waterweg.

Samband over Nieuwe Maas[endre | endre wikiteksten]

Frå vest til aust:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]