Nigardsbreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nigardsbreen
Nigardsbreen og Nigardsbrevatnet
Nigardsbreen og Nigardsbrevatnet
Type Botnbre
Stad Luster
Arm av Jostedalsbreen
Koordinatar 61°42′N 07°08′EKoordinatar: 61°42′N 07°08′E
Areal 47,82 km²
Lengd 9,6 km
Høgaste punkt 1960 moh
Lågaste punkt 320 moh
Endepunkt Nigardsbrevatnet
Status Fronten rykker sakte fram, men breen har negativ massebalanse.

Nigardsbreen er ein brearm av isbreen Jostedalsbreen. Han ligg i Luster kommune i Sogn og Fjordane fylke. Kvar sommar går eit stort tal turistar på brevandring på Nigardsbreen.

NVE har sidan 1962 føreteke massebalansemålingar og frontmålingar av Nigardsbreen. I perioden 1962 - 2003 hadde isbreen eit netto overskot på totalt 17 meter vassekvivalentar (is og snø tilsvarande 17 meter vatn over heile breen). Spesielt på 1990-talet hadde breen vesentleg overskot. Etter år 2000 har massebalansen vore negativ, og med enkelte år der heile snølag som har kome om vinteren har smelta vekk i løpet av sommaren (2003).

Brevandring på Nigardsbreen

Frontmålingane har vist ein kraftig tilbaketrekking frå slutten av 1930-talet og fram til 1980-talet da tilbakegangen vart mindre. Etter dette har breen rykt fram om lag 280 meter.

Nigardsbreen er ein stor turistattraksjon som vert vitja av mange turistar årleg og fleire turistar har vorte skadd opp gjennom åra. Sommaren 1986 hadde smeltevatnet demd seg opp inne i isbreen og då demninga brast 22. juli kom det brått ut store mengder vatn og isblokker. Tolv menneske vart tatt av straumen og to av desse drukna, medan resten av hardt skadd. 12. august 1994 skjedde noko liknande då isbreen kalva og ei polsk kvinne og to andre vart alvorleg skadd. Kvinna vart treft av isen og kasta ut i vatnet. 14. oktober 1995 døydde ein mann då han fall ned i ein bresprekk på breen.[1]

Garden Nigard vart totalt øydelagd sommaren 1743 då Nigardsbreen strekte seg heilt ned til garden.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]