Nigerelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over elva Niger med nedslagsfeltet i grønt.
Elva Niger ved Koulikoro i det sørvestlege Mali.

Niger er den største elva i Vest-Afrika, over 4000 km lang. Ho renn gjennom Guinea, Mali, Niger, på grensa til Benin og til slutt gjennom Nigeria. Ho renn ut i eit massivt delta. Niger er den tredje lengste elva i Afrika, berre Nilen og Kongo er lengre. Den viktigaste bielva til Niger er Benue.

Namnet på elva[endre | endre wikiteksten]

Namnet Niger kjem truleg frå tamasjek ɣer n ɣeren 'elvanes elv, elva av elvar', med ei misforstådd europeisk tilpassing til det latinske adjektivet niger 'svart'.[1]bambara heiter elva Joliba, som tyder 'blodelva'; jf. joli 'blod', ba 'elv'. På fulfulde heiter ho Maayo ɓaleewo, som tyder 'den svarte elva'; jf. maayo 'elv', ɓaleewo 'kvit' (i NGO-klassen). På songhay heiter ho Isa Ber 'storelva', og på joruba Oya, etter ei elvegudinne knytt til Niger.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.