Night of the Living Dead

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Night of the Living Dead
Språk Engelsk
Sjanger Skrekkfilm
Produsent Karl Hardman
Russel Streiner
Manus George A. Romero
John A. Russo
Medverkande Duane Jones
Judith O'Dea
Sjeffotograf George A. Romero
Filmformat 1,37:1
Utgjevingsår 1. oktober 1968

Night of the Living Dead er ein svart-kvit zombiefilm frå amerikansk, regissert av George Romero i 1968. Tidleg i produksjonen hadde skriptet tittelen Monster Flick, men den var òg kjent som Night of Anubis og Night of the Flesh Eaters før den var ferdig.[1] I filmen spelar Duane Jones og Judith O'Dea hovudrollane som Ben og Barbra. På mystisk vis vert dei daude levande att, som zombiar med ein hunger etter mannekjøt. Ben og Barbra må i lag med fem andre menneskje kjempe for å overleve i eit landsens gardsbruk i Pennsylvania.

Romero debuterte som filmregissør, og produserte filmen for eit budsjett på 114 000 amerikanske dollar. I tiåret etter premieren skulle det komme fleire gjenutgjevingar på kino, og ein trur filmen har tent inn 12 millionar dollar i Dei amerikanske sambandsstatane og 30 millionar dollar på den internasjonale marknaden.[2][3]Night of the Living Dead vart sterkt kritisert i si samtid for grovt innhald. I 1999 gav det amerikanske Library of Congress filmen innpass i United States National Film Registry, eit oversyn over det dei kallar historiske, kulturelle og estetisk viktige filmar.[4]

Filmen hadde ein stor påverknad på kulturen i Vietnam-tida sitt USA. Den er ofte sett på som tungt lada samfunnskritikk og har blitt skildra som subversiv på fleire plan.[5] Night of the Living Dead er ikkje den første zombiefilmen som er laga, men har hatt innflytelse på uttallige filmar og ein kan sjå på den som den første av undersjangeren «zombie-apokalypse» i skrekksjangeren. Det moderne pop-kulturelle synet på zombien kom kanskje nettopp ifrå Night.[6] Filmen er den første av fem Dead-filmar regissert av Romero, og den blei gjeninnspelt i 1990.


Innhaldsliste

[endre] Handling

Filmen opnar med at ein kriminell som skal gravleggast våknar frå dei døde. Det skremmer vekk dei to gravarane. Den udøde angrip so eit søskjenpar som er på besøk på gravplassen. Søstera flykter og søkjer tilflukt i eitt avsidesliggande hus. Vi oppdagar at det er fleire udøde menneskjer som vandrar i natta. Det vert ein kamp for å overleve, der ei lita gruppe menneskje må prøve å samarbeide for å leve lenge nok til å bli redda. Det skal vise seg å bli vanskeleg på fleire måtar.

Handlinga vekslar no mellom gruppa si kamp for å overleve og dei rapportar i massemedia som dei overlevande klarar å få tak i.

[endre] Påverknad i popkulturen

Gjenoppstått som udød et Karen Cooper (Kyra Schon) på liket av far sin.

Med Night of the Living Dead fornya George Romero skrekkfilmindustrien. Ifølgje Almar Haflidason frå BBC representerte filmen ein ny epoke for skrekkfilm.[7] Tidlege filmar med zombia, som Victor Halperin sin White Zombie (1932), Jacques Tourneur sin I Walked with a Zombie (1943) og John Gilling sin The Plague of the Zombies (1966), involverte levande menneskje trollbunde av ein heksedokter med voodoo. Mange av desse filmane var sett til Karibien.

Filmen og oppfølgjarane fekk eit utal imitatorar som lånte element oppfunne av Romero: Tombs of the Blind Dead (1971), Zombie (1979), Hell of the Living Dead (1980), The Evil Dead (1981), Night of the Comet (1984), Return of the Living Dead (1985), Night of the Creeps (1986), Children of the Living Dead (2001), og videospel serien Resident Evil (seinare laga film av som 2002, 2004, og 2007), Dead Rising, og The House of the Dead. Night of the Living Dead vart parodiert i filmar som Night of the Living Bread (1990) og Shaun of the Dead, og i episoder til The Simpsons ("Treehouse of Horror III", 1992) og South Park ("Pink Eye", 1997; "Night of the Living Homeless", 2007 ).[8][9][10] Ordet zombie er aldri brukt i Night, men Romero sin film starta med zombiar som kjøtetande kannibalar gjenoppstått ifrå dei døde. [11][12]

Night of the Living Dead introduserte undersjangrane slasher og splatter film. Som ein filmhistorikar peikte på, så var skrekk før Romero sin film dreid seg rundt gummimasker og kostymer, filmsett av papp eller mystiske figurar gøymt i skuggane. Desse filmane var satt på plassar langt ifrå Amerikansk landsbygd og forstadar. [13] Romero viste krafta som låg i exploitation og satte skrekk til vanlege og ordinære plassar, med ein modell for å lage effektiv og innbringande film på eit minimalt budsjett. [5] Slasher film i 1970 og 80 åra skulle skulde mykje til den originale Night of the Living Dead. Filmar som John Carpenter sin Hallowee] (1978), Sean S. Cunningham sin Friday the 13th (1980), og Wes Craven sin A Nightmare on Elm Street (1984)."[14]

[endre] Fotnoter

  1. Scrapbook, Special Features, Night of the Living Dead, Millennium Edition (DVD, Elite Entertainment, 2002).
  2. Night of the Living Dead hos VH1.com; sist nedlasta 24. juni 2006.
  3. Forretningsdata for filmen på Internet Movie Database; sist nedlasta 24. juni 2006; plasserer innteninga på 12 millionar dollar til januar i året 2000, ikkje 1979.
  4. "U.S. film registry adds 25 new titles," 16. november, 1999, hosCNN; sist nedlasta 24. juni 2006.
  5. 5,0 5,1 Adam Rockoff, Going to Pieces: The Rise and Fall of the Slasher Film, 1978–1986 (Jefferson, N.C.: McFarland, 2002), p. 35, ISBN 0-7864-1227-5.
  6. «Zombie Movies» i The Encyclopedia of Fantasy, red. John Clute and John Grant (New York: St. Martin's Press, 1999), p. 1048, ISBN 0-312-19869-8
  7. Almar Haflidason, melding av Night of the Living Dead, 20. Mars, 2001, på BBC; sist henta June 24 2006.
  8. Rockoff, Going to Pieces, p. 36.
  9. "Treehouse of Horror III," episode 64, The Simpsons, October 29, 1992, på Internet Movie Database; sist lasta June 24, 2006.
  10. "Pink Eye," episode 107, South Park, October 29, 1997, på South Park: The Complete First Season (DVD, Warner Bros., 2002)
  11. Andrew Tudor, Monsters and Mad Scientists: A Cultural History of the Horror Movie (Oxford, Eng.: Blackwell Publishing, 1989), p. 101, ISBN 0-631-16992-X .
  12. Collum, Assault of the Killer B's, p. 3.
  13. Jones, Rough Guide to Horror, s. 117.
  14. Grant, "Taking Back the Night of the Living Dead," p. 201.

[endre] Bakgrunnsstoff




Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk