Nights in White Satin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nights in White Satin
av The Moody Blues
frå albumet Days of Future Passed
B-side "Cities"
Utgjeve 10 november 1967
Innspelt 8 oktober 1967
Sjanger Symfonisk rock, barokk pop, progressiv rock[1]
Lengd 7:38 (album)
3:06 (singel #1)
4:26 (singel #2)
Selskap Deram Records
Låtskrivar(ar) Justin Hayward
Produsent Tony Clarke
The Moody Blues-kronologi
«Love and Beauty»
(1967)
Nights in White Satin «Tuesday Afternoon»
(1968)

«Nights in White Satin» er ein song frå 1967 av The Moody Blues, skriven av Justin Hayward og først gjeven ut på albumet Days of Future Passed.

Han er skriven i e-moll,[2] og nyttar neapolitansk akkord.[3]

Singelutgåva[endre | endre wikiteksten]

Då han vart først gjeven ut på singel i 1967, nådde songen 19. plass på singellista i Storbritannia, ei plassering som nok kunne blitt høgare om det ikkje hadde vore for at han var over sju minuttar lang. Då songen vart gjeven ut på ny i 1972, etter suksessen til lange og dramatiske songar som «Hey Jude» og «Layla», nådde han andreplassen på Billboard-lista i USA og førsteplassen på Cash Box. Singelen selde til gullplate i USA for ein million selde eksemplar og gjekk òg til topps i Canada. Han vart samstundes gjeven ut på spansk som «Noches de Seda». Etter suksessen i USA gjekk songen inn på lista att i Storbritannia i 1972 og klatra til niandeplass. Singelen gjekk inn på lista att igjen i 1979, og nådde då 14. plass.

Det finst to singelversjonar av songen, begge utan orkester og «Late Lament»-delen frå albumversjonen. Den første forkorta versjonen varer 3:06, der det er tydeleg kvar songen er kutta. Den andre versjonen er 4:26.

Nesten alle singelversjonane vart gjevne ut med b-sida «Cities».

Bandmedlem Justin Hayward skreiv songen 19 år gammal i Swindon, og gav songen dette namnet etter å ha fått sengetøy i sateng (satin) av ein ven. Sjølve songen omhandlar lengsel etter ein kjærleik som er langt borte. London Festival Orchestra spelte orkesterdelen på songen, medan Mike Pinder spelar mellotron i sjølve songen.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1967 UK Singles Charts 19
1972 US Billboard Hot 100 2
1972 UK Singles Charts 9
1972 Canada 1
1972 US Cash Box Top 100 1
1979 UK Singles Charts 14
2010 UK Singles Charts 51

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Songen er nytta i mange filmar, som Split Second i 1992, Robert De Niro-filmen A Bronx Tale i 1993, Martin Scorsese-filmen Casino i 1995, Adam Sandler-filmen Click i 2005, Rob Zombie-filmen Halloween II i 2009, Bertrand Bonello-filmen House of Tolerance i 2011.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre den tyske songaren Sandra, som nådde 86. plass i Tyskland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.pandora.com/music/song/moody+blues/nights+in+white+satin
  2. Stephenson, Ken (2002). What to Listen for in Rock: A Stylistic Analysis, p.39. ISBN 9780300092394.
  3. Stephenson (2002), s.89.