Niha Chouf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Niha Chouf
by
Niha
Land  Libanon
Guvernement Libanonfjella guvernement
Koordinatar 33°35′41″N 35°37′49″E / 33.59472°N 35.63028°E / 33.59472; 35.63028
Areal 27,5 km²
Folketal 3 500
Kart
Niha Chouf
33°35′41″N 35°37′49″E / 33.59472222°N 35.63027778°E / 33.59472222; 35.63027778
Wikimedia Commons: Niha, Chouf

Niha (arabisk نيحا) er ein by i Chouf i Libanonfjella i Libanon. Byen ligg 38 km frå Beirut og har eit areal på kring 27.5 kvadratkilometer. Det bur kring 3 500 innbyggjarar i byen. Han er kjend for olivenlundane sine og druer, epler, plummer og mandlar. Turistattraksjonane i byen er St. Josef-kyrkja, El Qa'ah-kjelda, grava til profeten Job og Nihaborga. Den kjende libanesiske songaren Wadih El Safi var fødd i Niha.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Namnet Niha vert nytta om fire libanesiske byar: Niha i Zahlé; Niha i Batroun; Niha i Tyr og Niha i Chouf. Ordet neeha er assyrisk og syner til at plassen er fredfull.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I følgje ei drusisk segn skal gravstaden til profeten Job ligge på ein ås oppom Niha. Det finst mange grotter, både naturlege og menneskeskapte, kring Niha. Ei av desse er ei festningsgrotte som vart skoren ut i klippene under krosstoga mellom 1165 og 1260. Denne vert kalla Nihaborga eller Shakif Tiro. I følgje ei populær soge, skal prinsen Fakhreddine El Ma'ani II ha gøymd seg der då han flykta frå osmanarane i 1635. Men meir nøyaktige historiske versjonar knyter denne hendinga til faren til prinsen, Korkomaz i 1584.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]