Nikatorar
| Nikatorar | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Passeriformes | |
| Familie: | Nicatoridae | |
| Slekt: | Nicator | |
| Artar | ||
Nikatorar er ei biologisk slekt med vitskapleg namn Nicator av tre middels store sporvefuglar, endemiske til Afrika sør for Sahara.[1] Namnet på slekta kjem av gresk 'nikator', erobraren.[2]
Skildring [endre]
Nikatorar er varslarliknande fuglar, 16-23 cm i lengd. Austnikator og vestnikator er like i storleik og større enn gulstrupenikator. Hannane er betydeleg tyngre enn hoene, til dømes er hannar hos vestnikator 48-67 gram, medan hoene berre veg 32-51 gram. Gulstrupenikator er mykje lettare, varierer i området 21-26 gram. Nikatorar har tunge nebb med krok i enden. Fjørdrakta i slekta er generelt olivengrøn på ryggen, stjert og venger, med gule flekker på vengene, og ljosare grå eller kvitaktige underside.[1]
Vestnikator har ein stort sett kontinuerleg distribusjon frå Senegal til austlege Uganda og nordlege Angola. Austnikator har ein usammenhengjande utbreiing i Aust-Afrika frå Somalia sør til austre Sør-Afrika. Gulstrupenikator er utbreidd i det sentrale Afrika frå Kamerun til Uganda.[1] Nikatorar okkuperer eit breitt utval av skogshabitat.[1]
Taksonomi [endre]
Plasseringa av slekta i systematikken har vore eit langvarig mysterium. Gruppa vart opphavleg lagt til i familien varslarar, Laniidae. I 1920-åra kommenterte ornitologen James Chapin likskapane mellom nikatorar og bylbylar, Pycnonotidae, og mellom nikatorar og buskvarslarar, Malaconotidae. Det var ikkje før 1943 at Jean Théodore Delacour plassert slekta inn i bylbylar. Storrs Olson hevda at slekta var nærare knytt til buskvarslarar, fordi nikatorar mangla forbeining av naseboret slik ein finn det hos alla andre bylbylar.[3] Ei rekkje funksjonar, blant anna plasseringa av fjørbust i andledet, reira og lydytringane deira, gjer slekta unik, og frå DNA-studium er det nyleg gjeve framlegg om at slekta er best handsama som ein sjølvstendig familie.[4] Nokre autoritetar, som Clementslista, har godtatt den nye familien Nicatoridae.[5] Innanfor slekta er den vestlege og den austlege nikatorarten vurdert å danne ein superart og er nokre gonger handsama som same arten.[1]
Artar [endre]
- Vestnikator, Nicator chloris
- Austnikator, Nicator gularis
- Gulstrupenikator, Nicator vireo
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Nicator» frå Wikipedia på engelsk, den 21. oktober 2010
Referansar [endre]
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Fishpool, Lincoln; Tobias, Joseph (2005), «Family Pycnonotidae (Bulbuls)», in del Hoyo, Josep; Elliott, Andrew; Christie, David, Handbook of the Birds of the World. Volume 10, Cuckoo-shrikes to Thrushes, Barcelona: Lynx Edicions, s. 247–248, ISBN 84-87334-72-5
- ↑ Jobling, James A. (1991). A Dictionary of Scientific Bird Names. Oxford University Press. s. 160. ISBN 0 19 854634 3.
- ↑ Olson, Storrs (1989). «Preliminary systematic notes on some Old World Passerines». Rivista Italiana di Ornitologia 59 (3/4): 183–195..
- ↑ Beresford, P; Barker FK, Ryan PG & Crowe TM. (2005). «African endemics span the tree of songbirds (Passeri): molecular systematics of several evolutionary ‘enigmas’». Proc. R. Soc. B 272: 849–858. doi:10.1098/rspb.2004.2997.
- ↑ Clements Checklist team (2009). «Updates & Corrections - Dec 2009». The Clements Checklist of Birds of the World. http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/corrections/updates-corrections-dec-2009. Henta 16 January 2010.