Nikobarane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 7°05′N 93°48′E

Nikobarane avmerkt på kart over sørlege Asia.
Kart over Nikobarane.

Nikobarane (engelsk Nicobar Islands) er ei øygruppe nordaust i Det indiske havet. Dei er del av India gjennom forbundsterritoriet Andamanane og Nikobarane. 150 kilometer med hav skil Nikobarane frå dei nordlegare Andamanøyane, medan det i søraust er 189 kilometer til Sumatra.

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Øyane hadde eit folketal på 42 026 i 2001, der fleirtalet, rundt 65 %, er innfødde nikobaresarar og shompenfolk, medan resten er innflyttarar frå India og Sri Lanka.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Mankedue (Caloenas nicobarica) er éin vakker og særeigen art som finst på Nikobarane.
Foto: Colin M.L. Burnett

Nikobarene har 22 øyar fordelt på tre grupper:

  • I den sørlege gruppa ligg den største øya, Store Nicobar, også kjend som Tokieong Long (1 045 km²). Dei andre øyane i gruppa er Vetle Nicobar (157 km²), Kondul (4 km²) og Pulomilo (1 km²), og småøyane Meroe, Trak, Treis, Menchal, Cubra, Pigeon og Megapod, som ikkje er folkesette. Megapod er naturreservat.
  • Den midtre gruppa inneheld Chowra (8 km²), Teressa (101 km²), Poahat (13,3 km²), Katchal (174 km²), Camorta (188 km²), Nancowry (67 km²) og Trinket (86 km²), og dei ubebudde Isle of Man og Tillangchong (17 km²), den sistnemnde er naturreservat.
  • I den nordlege gruppa er Car Nicobar (127 km²) der ein finn den største byen i øygruppa, og den ubebudde Batti Malv (2 km²).

Medan Car Nicobar er ei flat og fruktbar øy har Nancowry, Camorta og Store Nicobar fleire åsar. Fjellet Thullier (642 m.o.h.) på Store Nicobar er det høgaste punktet.

Øyane er skogkledde og ein finn tropiske tre som kokosnøtt, betelnøtt, mango, neem, casuarina og Pandanus her. Jordbruk er den viktigaste næringa, og ein dyrkar mellom anna ris, mais, grønsaker, frukt, betelnøtter og kokosnøtter. Laging av kopra og olje frå kokosnøttene er dei viktigaste industriane.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Førhistorisk tid[endre | endre wikiteksten]

Ein reknar med at Nikobarene har vore folkesette i minst 2000 år. Det blir snakka seks lokale mon-khmer-språk på øyane. Desse høyrer til den austroasiatiske språkfamilien som også omfattar språka mon, khmer og vietnamesisk i Søraust-Asia, og mundaspråka tala av nokre urfolk i austre India og Bangladesh.

Nikobarane hadde kontakt med omverda gjennom handelsreisande, som gjerne stoppa for å bytta nyttige råvarer mot forsyningar. Ei rekke reisande har omtalt Nikobarane og naboøyane, Andamanane. Keisar Asjoka, som levde på 200-talet f.Kr., skal ha fått klagemål frå indiske handelsfolk som hadde fått store tap på grunn av dei «ville svarte» som heldt til på desse øyane. Den egyptiske geografen Ptolemaios frå 100-talet kalla dei «kannibaløyane» og «lukkeøyane».[2] Den kinesiske munken I Tsing vitja øyane i 673 og kalla dei Lo-jen-kuo, 'nakenøyane'. I seinare omtale var det mange som beit seg merke i at nikobaresarane hadde lite klede, men berre «blad» eller seinare «lendeklede».[3]

Under det sørindiske Tsjolariket voks sjøfartsaktiviteten i området, og øyane blei innlemma i riket rundt 1025, då Rajendra Tjsola brukte dei som base for å knusa det konkurrerande Srivijayariket. Ei Thanjavur-innskrift nokre år seinare omtaler øyane som Nakkavaram, 'naken-land', eit namn som truleg er opphavet til det moderne. På 1600-talet kom øyane ei tid under det indiske Marathariket, og blei brukt som sjøbasar.

Kolonisering[endre | endre wikiteksten]

Under oppdagingstida kom europeiske sjøfarande til øyane og bytta klede og andre varer mot amba (kvalfeitt) og kokosnøtter. På 1600- og 1700-talet gjorde både portugisarar, franskmenn, nederlendarar og danskar fåfengde forsøk på å kristna nikobaresarane.

Danmark gjorde fleire forsøk på å leggja under seg øyane som koloni, men avstod til slutt kravet på dei til fordel for Storbritannia. Det første dansk-norske koloniseringsframstøytet kom i 1750-åra, under Fredrik V. I 1755 blei det send ein ekspedisjon med 82 mann om bord i skipa «Kongen af Danmark» og «Ebenezer» frå Trankebar med ordre om å besetja det dei skulle kalla «Frederiksøerne». Kolonien Ny Danmark blei grunnlagd på Grand Nicobar i 1756, og Ny Sjælland på øya Nancowry året etter. Det tropiske klimaet og sjukdommar gjorde at mange døydde, og dette, saman med byrjande trugsmål frå dei opphavlege nikobarbuane, gjorde at dei gjenlevande evakuerte, dei siste i april 1759. I august 1768 sende danskane herrnhutarmisjonærar og ein tropp soldatar frå Trankebar til Nikobarane. Dei slo seg ned på Nancowry, og klarte trass regntid og sjukdom å grunnleggja plantasjar der dei dyrka kaffi og bomull.

I juli 1778 kom ein austerriksk fregatt til Nancowry for å laga ein koloni på øyane. Austerrikarane grunnla Kaiserhügel på Kamorta, der Ny Sjælland hadde vore, men oppgav kolonien i 1784. I 1787 oppgav dei danske misjonærane arbeidet sitt, men den danske militærvakta blei verande fram til 1809. Danmark sende nye kolonistar i 1831 og 1845, men oppgav begge forsøka. Det var lite interesse for prosjektet i Danmark, og i 1868 gav Kristian IX avkall på øyane, og dei blei selde til Storbritannia. Britane tok kontroll over Nikobarane i 1869 som ein del av Britisk India. Britane etablerte ein straffekoloni der.

Under andre verdskrigen var øyane okkuperte av Japan frå 1942 til 1945. Då India fekk sjølvstende i 1947, følgde Nikobarane med. Saman med Andamanane blei dei eit unionsterritorium i 1950.

Flodbølgje[endre | endre wikiteksten]

Den 26. desember 2004 blei øyane ramma av flodbølgjer utløyst av ei rekkje undersjøiske jordskjelv langs ei linje frå vest for Sumatra til Andamanøyane. (Sjå Jordskjelvet i Indiahavet 2004).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Fotnotar[endre | endre wikiteksten]