Nikola Špirić

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nikola Špirić

Nikola Špirić (serbisk Никола Шпирић) (fødd 4. september 1956) er ein bosnisk-serbisk politikar og statsminister i Bosnia-Hercegovina sidan 4. januar 2007. Han er medlem i partiet Savez nezavisnih socijaldemokrata (Alliansen av uavhengige sosialdemokratar - SNSD).

Nikola Špirić vart fødd i Titov Drvar (noverande Drvar) i Bosnia i det dåverande Jugoslavia. Han studerte økonomi ved universitetet i Sarajevo og har doktorgrad i økonomi. Frå 1992 har han vore økonomiprofessor ved universitetet i Banja Luka.

1. november 2007 gjekk Špirić av som statsminister i protest mot parlamentariske reformer som den internasjonale administratoren for Bosnia-Hercegovina, Miroslav Lajčák, tvinga gjennom. Špirić meinte at reformene vil redusera innflytelsen til dei bosniske serbarane. Krisa vart løyst, og Špirić vart nominert på nytt til statsministerposten 10. desember og stadfesta i stillinga 27. desember.

Špirić er gift. Kona er bosniak og kjem frå Tuzla.