Nikolai Astrup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nikolai Johannes Astrup
Nikolai Astrup av Henrik Lund 1900.jpg
Nikolai Astrup måla av Henrik Lund 1900
Fødd 30. august 1880
Bremanger
Død 21. januar 1928
Jølster/Førde[1]
Nasjonalitet Flag of Norway.svg Noreg
Felt målar
Soleienatt av Nikolai Astrup.

Nikolai Astrup (30. august 188021. januar 1928) er rekna som ein av dei største norske kunstnarane frå tidleg 1900-tal.

Kunstnaren sette pris på sterke, klare fargar og skildra oftast natur, hovudsakleg frå heimbygda si i Jølster. Astrup høyrde til den nyromantiske rørsla av kunstnarar. Fleire av bileta hans, som vert rekna som naivistiske og ekspressive, er selde for millionsummar i dei store auksjonshusa i Europa. Medan kunstnaren sjølv var i live gav han dei same bileta vekk i byte mot mat.

Han studerte kunst hos Harriet Backer mellom 1899 og 1901 og hos Christian Krogh i Paris i 1902. I tillegg til måleri er han også kjent for tresnittarbeida sine.

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Astrup var son til presten Christian Astrup og Petra f. Mørch Lodtz.[1] Han vart fødd på prestegarden Kalvåg i Bremanger, men då han var tre år gamal, flytta familien til prestegarden på Ålhus i Jølster, der far hans fekk stillinga som sokneprest. Her har det i seinare tid vorte reist ein bauta over kunstnaren, som er gravlagt saman med kona, Engel Astrup, på Ålhus kykjegard.

Nikolai Astrup studerte ved Kathedralskolen i Trondhjem der han tok eksamen i 1897. Tilbake i Jølster verka han som lærar for dei yngre syskena, og teikna og måla på eiga hand.

Nikolai Astrup og faren hans.

Ung kunstnar[endre | endre wikiteksten]

Då Astrup valde kunstnarvegen gjorde han det i opposisjon til faren, som helst såg at sonen skulle studere teologi og verte prest som han. I 1899 reiste han til Kristiania for å bli elev ved teikneskolen der. I feriane vitja han Jølster og festa mange motiv derfrå til lerretet.

I 1901 debuterte han som utstillar ved Kristiania Kunstforenings Vårutstilling, med måleri av uthusa på prestegården i Jølster. Same året avslutta han utdanninga si ved skolen til Harriet Backer og drog på ei studiereise gjennom Europa, til Lübeck, Hamburg, Dresden, Berlin og München, før han slo seg ned i Paris som elev av Christian Krohg. Her blei han påverka av kunstnarar som Henri Rousseau, Maurice Denis, Paul Gauguin og japanske Hokusai. Seinare skulle han vitja London, Italia og Algerie på ulike kunstnarstipend.

Tilbake til Jølster[endre | endre wikiteksten]

Frå 1902 fann Astrup heimen sin i Jølster, der han skulle hente dei fleste av motiva sine frå, og inspirere tallause komande kunstnarar til å finne motiv til måleria sine.

Då Astrup kom heim frå Paris budde han ei stund på prestegarden på Ålhus, men fekk seg i 1909 eit bratt, lite tun på Myklebust på sørsida av Jølstravatnet. Då hadde den vonbrotne far has fleire gongar hindra han i å kjøpe den gamle prestegarden og eit anna tun på Ålhus, der han helst ynskte å bu. Han gifta seg med Engel Sunde, som då var 15 år, i 1907. Dottera Kari blei fødd i 1911. Den vesle familien budde på prestegarden saman med Astrup sine foreldre fram til 1912, då dei flytta til det som i dag er kjent som Astruptunet.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Astrup heldt den første separatutstillinga si i mai 1905, i Kristiania. Ho fekk svært gode kritikkar, og «Stabbur i Jølster» blei kjøpt inn av Nasjonalgalleriet. Året etter deltok han på «Norsk Kunstutstilling» på Charlottenborg i København etter å ha blitt spurd av Erik Werenskiold.

Astrup-namnet stammar frå Ribe i Slesvig og vart innført til Noreg gjennom embetsmannsverket i dansketida. Nikolai Astrup vitja Astrup Gård i 1911 på veg heim frå Berlin, og måla bilete derfrå.

Død[endre | endre wikiteksten]

Astrup misbrukte alkohol store delar av livet. Han hadde hatt astma heile livet, og døydde førtisju år gammal av lungebetennelse i Førde.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Astrup underviste fleire målarar på Sandastrand, mellom anna Toralv Flatjord, Elias Eide, Malfinn Berquam og Johan Indrekvam, som seinare er blitt kalla «Astrup-elevane». Kunstnaren var og ein god venn og inspirasjonskjelde for Bernt Tunold.

John Chr. Brynildsen sit på den største samlinga av Astrup-bilete i Noreg, inklusive fleire av hovudverka til kunstnaren.

Astruptunet[endre | endre wikiteksten]

Astruptunet, den gamle garden til Nikolai Astrup er i dag eit museum som tek utgangspunkt i livet til målaren og mennesket Astrup, og kva som påverka han til å måle dei bileta han har målt. Her har ein gjort det gamle fjøset om til eit godt kamuflert, men eldfast, biletgalleri. Astrup kjøpte småbruket i 1912 og bygde seg eit atelier og rydda den bratte jorda i terassar, der han mellom anna kunne plante eksotiske plantar. I bygda omkring var prestesonen kjend for ein særs populær rabarbravin..


Vårkveld ved Jølstervannet

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nikolai Astrup

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 SNL: Nikolai Astrup lese 29. april 2013.