Nikolaj Benois

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Viktor Dumitrasjko:Portrett av Nikolaj Benois, 1901

Nikolaj Leontjevitsj Benois (russisk:Николай Леонтьевич Бенуа) (13. juli 181323. desember 1898) var ein russisk arkitekt som arbeidde i Peterhof og andre forstader til St. Petersburg.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Benois var fødd av franske foreldre i Russland og studerte ved St. Petersburgs kunstakademi frå 1827 til 1836. Åtte år seinare var han av tsar Nikolaj I utnemnd til hoffarkitekt og fekk då oppsyn med fleire byggeprosjekt i byen Peterhof, i særleg grad med stallane til keisaren (1847-52).

Benois teikna nokre av dei fyrste jarnbanestasjonane i Russland, fram om alt i Strelna, Tsarskoje Selo, og nye Peterhof. Den siste vert rekna for meisterstykket hans. I 1800-talets Russland var Benois kjend for å vere tilhengar av nygotisk stil i arkitektur og utsmykking.

Nye Peterhof jarnbanestasjon, teikna av Nikolaj Benois. Foto frå før 1917

Benois hadde tre søner som alle vart lagd merke til i si samtid. Aleksandr Benois var målar og er særleg kjend som scenograf. Også Albert Benois var målar, medan Leon Benois var ein kjend arkitekt. Mellom barneborna hans fann ein Jevgenij Lanceraj og Zinaida Serebrjakova.