Nikolaj Dahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nikolaj Vladimirovitsj Dahl (russisk Николай Владимирович Даль) (17. juli 18601939) var ein russisk lækjar.

Dahl er best kjend for å ha behandla komponisten Sergej Rakhmaninov for ei skrivesperre etter at den første symfonien fekk knusande kritikk. Frå januar 1900 behandla Dahl Rakhmaninov kvar einaste dag i tre månader. Metoden var hypnose og komponisten blei frisk igjen. Rett etter skreiv han sin andre klaverkonsert som han dediserte lækjaren sin.

Dahl skal ha emigrert frå Russland i 1925 og døydde i Beirut i 1939.

I programhefte frå Oslo-Filharmonien i 1999 og 2001 blei det hevda at Dahl var norsk, men det er seinare tilbakevist i ein artikkel i Tidsskrift for Den norske lægeforening.[1]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]