Nikolaj G. Basov
| Nikolaj G. Basov | |
Nikolaj Basov i 1964. |
|
| Fødd | 14. desember 1922 Usman i Lipetsk oblast i Sovjetunionen |
|---|---|
| Død | 1. juli 2001 (78 år) Moskva i Russland |
| Nasjonalitet | Russisk |
| Område | Fysikk |
| Kjend for | Laserar og maserar |
| Utmerkingar | Nobelprisen i fysikk (1964) |
Nikolaj Gennadijevitsj Basov (russisk: Николай Геннадиевич Басов) (fødd 14. desember 1922 i Usman, død 1. juli 2001 i Moskva) var ein sovjetiske fysikar og pedagog.
Han var assisterande direktør frå 1958 til 1972 og frå 1973 direktør ved Lebedev instituttet for fysikk i Moskva. Frå 1963 var han òg professor i faststoff-fysikk ved Moskva fysikalsk-tekniske institutt. Basov utvikla saman med Aleksandr Prokhorov ein metode for forsterking av elektromagnetiske bølgjer ved å eksitere atom eller molekyl slik at dei etterpå kunne sende ut stråling med same frekvens som den innkomande bølgja (stimulert emisjon). Metoden blir no til nytta forsterkning av mikrobølgjer (masar) og ljos (laser). Han vart samstundes utvikla av Charles Hard Townes i USA, og desse tre vart i 1964 saman tildelt Nobelprisen i fysikk for oppfinninga.
Prisar (utval) [endre]
- 1959: Leninprisen
- 1964: Nobelprisen i fysikk
- 1989: Den sovjetiske statsprisen
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen byggjer på «Nikolay Basov» frå Wikipedia på engelsk, den 24. februar 2012.
- Nikolaj Gennadijevitsj Basov. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Nikolaj_gennadijevitsj_basov
|
|
|
|---|---|
| Fysikk - Kjemi - Medisin - Litteratur - Fred - Økonomi |
- Fødde i 1922
- Døde i 2001
- Sovjetiske fysikarar
- Russiske fysikarar
- Russiske nobelprisvinnarar
- Nobelprisen i fysikk
- Medlemmar av Det russiske vitskapsakademiet
- Leninprisen
- Den sovjetiske statsprisen
- Eksperimentelle fysikarar
- Optiske fysikarar
- Russiske oppfinnarar
- Sovjetarar i andre verdskrigen
- Fysikarar på 1900-talet
- Sovjetiske nobelprisvinnarar