Nikolaj I av Russland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nikolai I av Russland

Nikolai I av Russland (russisk: Николай I Павлович) (fødd 6. juli 1796, død 2. mars 1855) var tsar av Russland og konge av Polen mellom 1825 til han døydde i 1855.

Nikolai I var kjend for eit despotisk styre og dreiv et stort hemmeleg politi og eit nettverk av spionar. Utanrikspolitisk sett var han sterkt mot revolusjonar. Han tilbydde militær stønad til å slå ned revolusjonar kringom i Europa, og fekk tilnamnet «Europas politimann». I 1830 avskaffa han det polske kongedømet etter ein revolusjon og gjorde Polen til ein russisk provins.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Han var son av Paul I av Russland og Sophie Marie Dorothea av Württemberg. Nikolai I var yngre bror av Alexander I av Russland, som han etterfylgde som tsar. Han gifte seg med Charlotte av Preussen (1798 - 1860). Ho vart som gift kalla Alexandra Feodorovna. Charlotte var dotter av Fredrik Wilhelm III av Preussen og Louise av Mecklenburg-Strelitz.

Nikolai og Alexandra fekk desse borna: