Nikolaj Lobatsjevskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nikolaj Lobatsjevskij

FøddНиколай Иванович Лобачевский
20. november 1792
Nizjnij Novgorod
Død12. februar 1856
Kazan
NasjonalitetDet russiske imperiet
Områdegeometri, algebra, matematisk analyse, sannsynsrekning, trigonometri, matematikk, ikkje-evklidsk geometri, hyperbolsk geometri
Yrkematematikar, professor, universitetslærar
InstitusjonarDet keiserlige universitetet i Kazan
Alma materDet keiserlige universitetet i Kazan
DoktorgradsrettleiarJohann Christian Martin Bartels
EktefelleVarvara Alexeyevna Moiseyeva
MedlemGöttingens vitenskapsakademi

Nikolaj Ivanovitsj Lobatsjevskij (fødd 1. desember 1792 i Nizjnij Novgorod i Russland, død 24. februar 1856 i Kazan) var ein russisk matematikar.

Lobatsjevskij tok doktorgraden sin ved universitetet i Kazan i 1811, og han var professor i matematikk der i perioden 1816-1846. Han var rektor ved universitetet frå 1827. Han medverka mykje til oppbygginga av universitetet, men av ukjend grunn fall han i unåde i 1846 og vart avsett. Lobatsjevskij arbeidde både med likningsteori og geometri. Den store matematiske oppdaginga er utviklinga av ein ikkje-euklidsk geometri, der det euklidsk parallellaksiomet ikkje gjeld. Geometrien til Lobatsjevskij er den såkalla hyperbolske, der det er ei uendeleg mengd parallellar til ei linje gjennom et punkt utanfor den. Same type geometri vart omtrent samstundes skapt av János Bolyai og Carl Friedrich Gauss sine etterlatne papir viser at han òg har hatt same ide, til og med noko tidlegare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Nikolaj Ivanovitsj Lobatsjevskij» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]