Nikolaj K. Kruglov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nikolaj K. Kruglov
Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 31. januar 1950 (74 år)
Q21669915
Yrke skiskyttar, trenar
Språk russisk
Høgd 171 centimeter

Nikolaj Konstantinovitsj Kruglov (russisk: Николай Константинович Круглов) (fødd 31. januar 1950) er ein sovjet-russisk, tidlegare skiskyttar frå landsbyen Krasnyj Mys i Nizjegorod oblast, som representerte Sovjetunionen. Han vart verdsmeister på 10 km i 1975 og olympisk meister på 20 km året etter. Mellom 1974 og 1977 vann han to VM-gull og eitt OL-gull med sovjetiske stafettlag. Han er far til skiskyttaren Nikolaj N. Kruglov.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kruglov deltok i sitt fyrste verdsmeisterskap i 1974. Etter å ha vorte beste sovjet-løpar på 10 km, fekk han æra av å gå Sovjetunionen inn til gullmedalje i 4 x 7,5 km stafett. Året etter vart han verdsmeister på 10 km i italienske Antholz, og kom på sølvplass i dei to andre VM-øvingane. Under Vinter-OL 1976 i Innsbruck vann han 20-kilometeren, og gjekk tredje etappen på Sovjetunionen sitt stafettlag som vann framom Finland og DDR.

Kruglov fekk sølvmedaljen på 10 km under VM i skiskyting 1977Vingrom, slått einast av landsmannen Aleksandr Tikhonov. Seinare i meisterskapen gjekk Kruglov inn til sitt tredje internasjonale stafett-gull. To år etterpå tok Kruglov under VM i 1979 sin tiande og siste VM- og OL-medalje då Sovjetunionen fekk bronsen i stafetten. Alle dei fem stafettmedaljane sine tok han på lag med Aleksandr Tikhonov.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar