Nikolaj Kasatkin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nikolaj Kasatkin

Verkeleg namn Николай Алексеевич Касаткин
Statsborgarskap Det russiske imperiet, Sovjetunionen
Fødd 25. desember 1859
Moskva
Død

17. desember 1930 (70 år)
Moskva

Yrke kunstmålar
Språk russisk
Nikolaj Kasatkin på Commons

Nikolaj Aleksejevitsj Kasatkin (25. desember 185917. desember 1930) var ein russisk kunstmålar som er rekna som ein av grunnleggjarane av sosialrealismen i russisk kunst.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Portrett av N.A. Kasatkin. Vasilij Perov, 1876.

Kasatkin var son av ein gravør og litograf.[1]

I tida 1873-83 studerte han under Vasilij Perov og Illarion Prjanisjnikov ved Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur.[2] Sjølv underviste han ved same lærestaden frå 1894 til 1917. Frå 1891 var han medlem av Peredvizjnikij-gruppa. I 1903 blei han medlem av Det russiske kunstakademiet.[2] I 1922 melde han seg inn Kunstnarforbundet i det revolusjonære Russland (AkhRR - Assoziazija chudoshnikow Rewoljuzionnoi Rossii).

Virke[endre | endre wikiteksten]

I si første tid måla Kasatkin sjangerbilete. Han vigde seg så til å skildre livet til arbeidarane og gruvefolket i Donetsk-bekkenet, til dømes gruvearbeidaren. Mellom dei fremste verka frå denne tida er Trekkdyret (1885), Gruvearbeiderske (1894) og Skiftombyte (1895). Desse måleria bygger på inntrykk frå nokre reiser i Donetsk-bekkenet samt Ural, som han gjennomførte i åra frå 1892 til 1897.

Inntrykk frå den revolusjonære tida 1905/07 kjem til syne i bilete som Arbeidarkampar (1905) og Arbeidersker stormar ein fabrikk (1906). Med desse og andre verk vart Kasatkin ein vegbrøytar for den sosialrealistiske stilretninga.

I tida mellom 1906 og 1910 reiste han i det europeiske utland. Desse reisene førte han til Finland, Noreg, Sverige, Italia og til Tyrkia. Etter oktoberrevolusjonen tok Kasatkin del i den kulturelle og samfunnsmessige omveltinga i heimlandet. Han døydde i 1930 i fødebyen Moskva.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Portrett[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Biografi ved artsait.ru.
  2. 2,0 2,1 Biografi ved RusArtNet.