Nikolaj Medtner
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nikolaj Medtner, postkort, 1910
Nikolai Karlovitsj Medtner (russisk Николай Карлович Метнер) (5. januar 1880–13. november 1951) var ein russisk komponist og pianist.
Han skreiv blant anna fjorten pianosonatar og tre konsertar for piano og orkester.
Likt Aleksandr Glazunov, Paul Juon (1872-1940) og Sergej Tanejev fekk Medtner etiketten «den russiske Brahms» fordi dei alle knytta saman element frå den nasjonale russiske skolen med vesteuropeiske impulsar.
Medtner og den russiske komponisten Aleksandr Goedicke var fetrar, begge hadde tyske anar.