Nikolaj Zverev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nikolaj Zverev

Fødd13. mars 1833
FødestadVolokolamsk
Død12. oktober 1893 (60 år)
DødsstadMoskva
OpphavDet russiske imperiet
Sjangerklassisk musikk
Instrumentpiano
Verka sommusikar, embetsmann, pianist, musikkpedagog, universitetslærar, komponist

Nikolaj Sergejevitsj Zverev (183212. oktober 1893) var ein russisk pianist og klaverpedagog.

Zverev studerte først fysikk og matematikk ved Lomonosov-universitetet i Moskva og studerte samstundes klavér som privatist hos Alexandre Dubuque. Zverev braut av studiet og reiste til St. Petersburg der han gjekk inn i statstenesta og foredla klaverspelet hos Adolf Henselt. I 1867 flytta han tilbake til Moskva og blei kjent med Nikolaj Rubinstein og Pjotr Tsjajkovskij.

Zverev med elevar i slutten av 1880-åra. Frå venstre mot høgre: Semjon Samuelson, Aleksandr Skrjabin, Leonid Maximow, Nikolai Zverev, Sergej Rakhmaninov, Alexander Tsjernajev, Fjodor Könemann og Matvej Presman

Snart tok Zverev til å undervise sjølv, først privat og i 1870 opna han eit musikalsk pensjonat som snart fekk eit særs godt ry og der mange unge pianiststudentar budde, til dømes Aleksandr Siloti, Sergej Rakhmaninov og Konstantin Igumnov.

Aleksandr Skrjabin var ein annan av Zverov sine elevar. Zverev hjelpte dei mindre bemidla studentane økonomisk. På framlegg av Anton Rubinstein fekk Zverev undervisningspost ved konservatoriet i Moskva frå 1870, og blei i 1883 1883 professor.

Bebuarane i pensjonatet hadde plikt på seg til å øve seks timar om dagen. Berømte musikarar som Sergej Tanejev, Pjotr Tsjajkovskij, Anton Arenskij, Anton Rubinstein og Vasilij Safonov besøkte pensjonatet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen er basert på «Nikolai Sergejewitsch Swerew» frå Wikipedia på tysk, den 20. november 2011 som oppgav som kjelde:

  • Алексеев А.: Русские пианисты ('russiske pianistar'), Moskva-Leningrad, 1948

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]