Nikolaus August Otto
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nikolaus August Otto (10. juni 1832–26. januar 1891) var ein sjølvlært tysk oppfinnar, kjendt for å ha funne opp ottomotoren. Han hadde ikkje universitetsutdanning, men vart likevel utnent til æresdoktor.
Innhaldsliste |
[endre] Biografi
Otto var son til ein gardbrukar, som òg var tilsett som postopnar i bygda. Han gjekk i kjøpmannslære og arbeidde som diskenspringar, i Frankfurt am Main og i Köln, for å forsørga seg. Han var gift med Anna Gossi, som han hadde sju born saman med. Ein av sønene hans, Gustav Otto, vart flykonstruktør.
[endre] Oppfinnelsar
Då han i 1862 tok han til å eksperimentera med motorar byggde han på erfaringane til Jean-Joseph Étienne Lenoir. men det var fyrst i 1876 at han lukkast. Denne motoren hadde ein vertical sylinder og i staden for veivaksel hadde han ei tannstong som var i inngrep med eit tannhjul festa på¨svinghjulet med ei frikopling [1]. Denne motoren var ei vidareutvikling av motoren til Lenoir og som i motoren til Lenoir vart ikkje luft-gassblandinga komprimert før den vart antent. Forbetringa i høve til Lenoirmotoren låg i ein betre utblåsing av eksosen, før sylinderen vart fylt med ei ny luft-gassblanding. Effekta var på rundt 2 hk. I 1864 stifta han, saman med Eugen Langen, motorfabrikken N.A. Otto Cie. I 1869 stifta han Gasmotorenfabrik Deutz & Co., som i dag er Deutz AG.
I 1876 klarte Otto, saman med Eugen Langen å bygga ein firetaktsmotor. Denne motoren komprimerte luft-gassblandinga i sylinderen før den var antent og var hadde difor mykje større verkningsgrad enn dei tidlegare motorane til Lenoir og Otto. I 1877 fekk Otto patent på firtaktsmotoren.
Det var fyrst etter at Otto og Langen starta produksjon at motorar med intern forbrenning at forbrenningsmotorar fekk praktisk betydning. Firetaktsprinsippet var seinare både for forgassarmotorar og dieslemotorar og heilt frå starten har dei fleste bilar vore utstyrte med firetaktsmotorar.
[endre] Patentkrangel og rettsak
I 1884 var det oppdaga at den franske jarnbaneingeniøren Alphonse Beau de Rochas hadde patentert det grunnleggande prinsippet for firetaktsmotoren alt i 1862 og patentet til Otto vart oppheva.
I 1884 vart det oppfdaga at Christian Reithmann og Alphonse Eugène Beau alt hadde patentert firetaktsmotoren, som da var sett i produksjon av Gasmotorenfabrik Deutz & Co., som Otto hadde stifta i 1869. Patentet til Otto var teke ut i namnet til Gasmotoren-Fabrik Deutz AG, så Deutz hadde difor store økonomiske interessar i patentet og starta ei rettsak, som varte heilt til 1894 , som heldt fram etter at Otto døydde i 1891. Deutz tapte rettsaka og retten oppheva patentetet til Deutz. Det er ikkje kjendt om Otto og Langen hadde ikkje kjennskap til arbeidet til Beau, då dei søkte om patent.
Men Deutz betalte Reithmann 25.000 goldmark, pluss lønn på livstid, for ei skriftleg erklering om at det var Otto som fann opp firetaktsmotoren. Deutz klarte å halda avtalen hemmeleg heilt til 1949, då han vart avslørt i ei bok om Otto [2].
[endre] Kjelder
- ↑ Hütten, H., Motoren - Technik - Praxis - Geschichte, 10. utg., Motorbuch Verlag, 1997.
- ↑ Langen, A., Nicolaus August Otto – der Schöpfer der Verbrennungsmotors, 1949.

